søndag 13. november 2011

Lilla juliet

Nokon strikkeprosjekt tek "evig lang tid" som Storesyster seier. Denne vesten har vore eit slikt prosjekt. 
I dette blogginnlegget, datert 10. mai var eg ferdig med vetleyster sin, og i gang med storesyster sin - for 3. gong, sånn ca. Etter å ha begynt på nytt igjen var det litt smått med inspirasjon, og dermed har ting teke tid. Sommaren har vorte haust, og nesten vinter, men då er det kanskje ekstra fint å ha ein vest i ull? Den er rikeleg stor (og vel så det), men når eg berre får somla meg til å setje i knappar, så vert den nok ganske fin på til den store sjuåringen min.


Den siste tida har inspirasjonen komme for fullt, rett og slett fordi eg ville begynne på eit nytt prosjekt. Og då er eg faktisk disiplinert nok til ikkje å begynne før eg har fullført det forrige.. *stolt*. Men NO er eg igang med neste prosjekt. Det er babyteppe - ikkje til meg ;)


Så står me for endå ei ny veke, som startar med ein tur til Hardingasete, og sidan går slag i slag. Eg gler meg, og brettar opp ermene til nye tak :)

Håpar du får ei god veke!

7 kommentarer:

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Så flott vest, og SÅ flink du er!!! Strikking imponerer meg alltid - fordi eg kan litt, men ikkje nok til å klare dette. Og oppskriftene er absolutt uleselig for min del.....

Flott englesamling under!!! Du skulle vært innom butikken eg jobber på no: )

Ha ei fin veke!! KLEM!

Orlaug sa...

Flott vest!
Ser føre meg at det mønsteret tek litt lang tid.....
Lukke til med neste prosjekt!

Igi sa...

Så nydelig vest!
Klem

Anita Kristin sa...

Så nydelig vest, i ein nydeleg farge.
Eg er ikkje so disiplinert, dessverre. Men eg skil mellom jobbstrikk og heime strikk, då vert det mange strikketøy. Skal også i gang med eit baby teppe, men må samle litt inspirasjon først.
Riktig god veke!

Hilde sa...

Kjempefin vest!! KOs deg på Hardingasete. Har vært der i bryllup en gang, flott sted! Ha en fin dag!

Noralill sa...

Nydeleg vest! Vestar er så anvendelege, dokkemor fekk ein til jul når ho var eitt år, den brukar ho endå...hihi. Fyrst var den meir ein kjole, no er det blitt ein vest.

Fin dag til deg!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Ja, av och till kan projekter ta tid att sluföra. Men så fin vesten blev! Nydelig farge.

Önskar dig en riktigt fin helg!

Related Posts with Thumbnails