fredag 18. november 2011

Frost - og varme

Den siste veka har me hatt kalde klare dagar. Vakre novemberdagar med den fyrste ordentlege rimfrosten. Kvar dag på veg til og frå jobb skulle eg gjerne ha stoppa mange gongar langs vegen og foreviga nydelege naturscener, men ikkje har kamera vore med, og endå viktigare - det går jo slett ikkje an å stoppe dei stadene det er aller finast, utan å skape farlege situasjonar. Dermed lyt eg berre suge til meg det eg kan med augene og hjarta. Eit par frostbilder utanfor huset har eg likevel fått.


 Veka har vore prega av noko så kjekt som masse grafisk arbeid, både på jobb og på fritida. Idag leverte eg joleutgåva av kyrkjelydsbladet vårt til trykkeriet, og det er alltid spennande å sjå korleis det artar seg når det kjem i posten. I tillegg skal eg framover ha den grafiske utforminga på eit anna kyrkjelydsblad - eller menighetsblad - som det heiter på den kanten av landet. Enno er eg ikkje skikkeleg i gang, men eg gler meg til det!

små iskrystallar vert nesten kunst...

Eg har slått meg til ro med at blogging må skje når tida tillet det, og det er visst helst i helgane. Ikveld er eg gressenke, sidan mannen har kurs for ei bedrift i Bergen, og eg har kost meg med laptop på fanget og vin i glaset. Eg har dessutan tjuvstarta litt på jola, og det er her varmen kjem inn!

mot-sol-bilde.

Heilt utypisk for meg, men når det kom ein førehandsbestillt CD i posten måtte eg berre høyre litt på den. Plata er Kjell Inge Torgersen's "Julelegender", og den har med ein gong segla opp som ei av mine favoritt-joleplater! I fjor tok eg med meg jentene  i Vangskyrkja då han heldt konsert der, og den opplevinga har eg ikkje gløymt. Tekstane har han stortsett oversatt sjølv, og det er berre så vart og vakkert, at håra reiser seg på kroppen og eg får "klump i magen" berre fordi det er så fint. Så, er du på utkikk etter å fornye jolerepertoaret, eller berre likar fin musikk, så kan eg verkeleg anbefale denne plata! No skal ho få kvile seg i CD-hylla mi til me iallefall har tippa over i desember.


God helg, då! (og god jol.......)

1 kommentar:

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Hei du!!

Nå set eg her og flirer, for eg klarte å lese at CD-en heitte JuleGeLender!!! Tok nokre sekund før det vart rijktig: ) Takk for tips. Eg høyrer no på Sissel og Odd i år også - min favoritt!!

Her har det også vore frost og kvitt i nokre dager, men i går kom regnet. Usedvanlig mildt til november å vera.
Flotte frostbilder: )
Håper du viser oss kyrkjelydsbladet du har laga - alltid kjekt å sjå!

Hels alle og god helg!! KLEM!!

Related Posts with Thumbnails