måndag 7. november 2011

Englar i samling

Eg har innsett det (på høg tid, vil kanskje nokon sei) - eg er ein samlar. Men nokon ting samlar eg meir bevisst enn andre. T.d. er samling av rot heller ubevisst. Hybelkaninsamlinga er heller ikkje godt gjennomtenkt. For ikkje å snakke om einslege sokkar-samlinga,  post-samlinga på kjøkkendisken, og skittenkle-samlinga i gangen.

MEN; den samlinga eg etterkvart er svært bevisst på, er englesamlinga mi. Sist helg fekk eg samla samlinga (!) i hei hylle på kjøkkenet, og eg er godt nøgd med resultatet. Ikkje absolutt alle englane er der, men dei fleste. Nokon må få vere på plassen sin i stova òg. Eg har bestemt meg for at i staden for å kjøpe tradisjonelle souvenirar når me er ute og reiser, så skal eg kjøpe ein engel med meg. Då me var i Bulgaria i sommar vart det denne brune som spelar gitar e.l. Han har visst fått seg eit kutt i augnebrynet, men eg likar han. Han er litt meir rustikk enn dei andre, på ein måte.


Denne står i skarp kontrast, i all si kvitheit. Den er det aller nyaste tilskotet til samlinga. Kjøpt på kremmerhuset for ikkje så mange pengar, og med ei stang opp av hovudet - kanskje litt makabert - med stjerneklemme på, til f.eks. å feste bordkort eller eit bilete i. Eg likar den òg.
Og så kan du jo gjette kva eg ynskjer meg til jol ;)


Det går ein smule trådt med blogging for tida, men eit og anna drypp vert det då... 
I kveld har me oppdaga at Vetlesyster er full i prikkar som snart vert til blemmer, og dermed var det berre å legge kabalen for resten av veka. Med vannblemmer i hus reknar eg ikkje med at ho kan i barnehagen før tidlegast neste mandag. Håpar berre at ho ikkje vert like hardt ramma som Storesyster vart då ho hadde koppane for snart 4 år sidan.
Håpar du får ei god veke!

5 kommentarer:

Orlaug sa...

Der har du fått samla dei...fint!
Og so er det no kjekt å vete om jolegåveynskje!

Fjordheim sa...

Det finnes mange flott engler. Her hadde du en god del fine. JEg har samlet på engler i noen år. Har veldig mange. På sida mi er det en link til julekalenderen jeg hadde i fjor. Der viste jeg frem noen av englene mine. Kanskje jeg fortsetter i år. God bedring med den syke og ha en god dag :)

rod i hob sa...

Har fortsatt reine vindu :-P Kan lata som det mesta her vett du ;-)

Tusen takk, alltid lika kjekt med kommentara frå deg!!!

Eg skal til Sandnes på jobb nokre dagar -joda, må vel til, -men eg har ikkje så lyst :-/

Ha en engelig tirsdag :-)

Anita Kristin sa...

Eg er også svak for englar. Det lokale gartneriet har annonsert seg sjølv som ein englebutikk i år, so eg lyt vel ta turen dit, og få meg nokre fleire englar. Ein kan vel aldri få for mange englar?

Lykke til med resten av veka med sjukt barn, det er alltid ei utfordring på mange måtar.

ak

Heidi (Vidunderleg) sa...

Eg har også alltid vore ein beundrar av englar! Dei er enormt vackre!!

Om det er ein trøst for prikkeprinsessa så er det enormt mange prikkeborn på skulen eg jobbar på desse vekene- så då er det nok noko som er på ferde her i vest!

Related Posts with Thumbnails