tysdag 4. oktober 2011

Talet er 31

Jepp, 31 er mitt tal, frå og med idag. Eg føler ikkje at det tyngjer, men det kjennest litt framandt.
Når ein er 31 år skal ein vel vere både vaksen og moden. Eg er litt usikker om eg er heilt "der".


Dagen har iallefall vorte feira med heidundrandes regn- og torevèr (som ifylgje det eg har høyrt betyr at eg ikkje har vore særleg snill i året som har gått ;) ), og ein svært livleg haustbasar på Frelsesarmèen, der Storesyster syng i kor, og ikveld debuterte som solist. Veldig kjekt!

Gåver ha det også vorte, både heimelaga og innkjøpte. 3 digre, langstilka roser hadde min kjære med seg heim etter jobb, og det er ingenting som luktar så godt, og er så vakkert som djupraude, fløyelsmjuke roser! Eg er dessutan døyvd, intet mindre, over dei utruleg mange helsingane eg har fått via sms, facebook, og varme klemmar frå folk rundt meg. Det er kjekt å ha bursdag!


Med ein halvtime att av dagen min ligg beina høgt, og eg avsluttar kvelden i rolege former saman med min kjære Rosamann.

Takk for seg!

5 kommentarer:

Anita Kristin sa...

Gratulerer so mykje med gårdsdagen!

Må resten av veka verte bra også.

Igi sa...

Gratulerer med dagen!
Klem

Annika sa...

Kjekt du fekk ein fin dag! Sender deg ein klem, dagen derpå :)

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Ja, det är faktiskt väldigt kjekt med bursdag. :-)

Gratulerer med dagen!

Heidi (Vidunderleg) sa...

Gratulera så mykje med nytt tall! For det er jo det det er, berre eit tall! Heldigvis!! Nyt resten av veka med nydelige roser!

Related Posts with Thumbnails