tysdag 18. oktober 2011

Haustonn i hagen


Haust

Kvar vart det taa alle dei Fuglar,
       som song
i Sumar so vænt millom Greino?
       Sidan eg høyrde deim
       ender og Gong;
og so vart det Stilla i eino.
— Han tagnar, Fuglen, mot Hausten.

Kvar vart det taa alle dei Blomar,
       som stod
og nikka i Ljos og i Ange?
       Eg ser yver Bøen,
       men er inkje god
faa Auga paa ein av dei mange.
       — Han visnar, Blomen, mot Hausten.

-Per Sivle, 1909-


Det er ikkje tvil om at sommaren er over. Fuglar og blomar forsvinn, slik Per Sivle skildrar det så fint. Lauvet forsvinn òg - iallefall frå trea. Platningen vår er omringa av skog, og dermed vert det mykje lauv på denne tid. Sundag var det deilig opphaldsvèr med glytt av sol, og Rosafamilien var ute og gjorde hagen vinterklar.


Møblar vartflatpakka og satt under presenning, grillen er vaska etter alle kunstens reglar, og sidan me var så godt i gang var det like greit å sope saman lauvet på uteplassen. Vetlesyster syns det  var mykje kjekkare å hive det utover igjen, men kunne til naud få det bak murkanten når mora kom med halvnøgde utrop over "hjelpa"


Med det var haustferien også over, og ei ny fullpakka veke er igang. Håpar du får ei fin ei!


3 kommentarer:

Anne sa...

Ja, nå er høsten kommet !
Fine høstbilder :)
Ha en fin dag.

Anita Kristin sa...

Her er det gjort klart, so godt ein kan. Hagen er ikkje ferdig enda, so vi lyt vel ta resten neste år. Ellers har det forsåvidt berre regna, regna og regna, so det er vanskeleg å gjere noko.

Her i heimen har fotballen tatt vinterferie. Dermed er det ingen aktivitetar på kvelden. Godt for oss vaksne, men kanskje kjedeleg for store jenta.

Fortsatt god veke!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Ja, nog är sommaren över. Men idag hade vid 12 grader varmt och solsken - härligt! Det trenger man. :-)

Håper du har haft en fin start på uken!

Related Posts with Thumbnails