fredag 7. oktober 2011

Gåve som varar evig.

I tillegg til kjekke helsingar i lange baner på bursdagen min, fekk eg òg fleire fine gåver. Ei av dei var eit kort frå mi gode veninne Lene, som er ei superflink scrappe-skreppe!

Denne gongen fekk eg noko eg aldri har sett før: eit evighets-kort! Det kunne opnast igjen og igjen, og plutseleg var og komen rundt, og kunne begynne på nytt. Knallstilig, og eit aldri så lite mysterium!






Stilig, ikkje sant??
Tusen takk, Lene! Både for kortet, og for kinobillettar med lovnad om barnevakt. DET høyrdest digg ut :)

Fredagskveld, utom huset piskar regn og vind, og inne er det fyr i ovnen. Eg er 'gressenke', og klarar ikkje bestemme meg om eg skal invitere nokon på besøk, ta meg ein tur på arbeidsrommet og gjere noko kreativt, eller berre sitte her med PC'en på fanget når ungane er i seng. Iallefall er det godt med helg!

God helg til deg!

2 kommentarer:

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Hei og gratulerer med overstått!! Fekk det med meg her forleden, men når Linus klappar lokket på mac-en ned over fingrene så er det berre å ta hintet og då rekk eg ikkje alltid å skrive kommentarerer: )

Håper dagen var fin! Evighetskortet var knallfint! Hadde blitt ekstremt glad hvis eg hadde fått noke sånt!!

Ha ein riktig god kveld enten den vert sånn eller sånn: ) KLEM!!

Orlaug sa...

Flott kort...men eg ser ikkje heilt korleis det "virkar"...må nok sjå nærmare på det.

Related Posts with Thumbnails