måndag 31. oktober 2011

Fordelen med å kjøpe ny bil

For ei tid sidan investerte familien Rosa i ny bil. Vår kjære gamle "gullbil" hadde skremt oss meir enn ein gong, og når ein bur slik som me gjer, og kollektivtilbodet ikkje heilt går saman med henting, bringing, og helst litt jobb innimellom, så er ein verkeleg avhengig av å kunne stole på bilen.

Rosamannen tok turen austover for å hente vidunderet, som me har lært oss å verte glad i. 
Likevel er det jo ein del ting som skal lærast når ein har fått nytt køyretøy. F.eks. å køyre automatgir istaden for manuell. Denne biten går igrunn veldig fint, og eg kan med handa på hjarta sei at eg diggar automatgir!
Ein annan ting er at den nye turbo-motoren med bensin sparkar endå friskare frå enn den gamle turbo-motoren med diesel. Å hugse å fylle bensin istadenfor diesel har også gått bra.




Det er fint å ha ein bil som alltid går.
Det vil sei; det er med den nye bilen eg for fyrste gong har stoppa - midt på E16 - på veg til jobb. Og då snakkar eg ikkje om å køyre inn på eit busstopp for å ta ein liten pause. Nei, her snakkar me døyande turbo, ein bil som plutseleg ikkje har krefter igjen til meir enn nokre få meter, og som slett ikkje klarar å nå fram til utkøyrsla berre 50 meter lenger fram. Eg kom meg ikkje ein gong ut i grøfta!


Grunnen var det ikkje mykje tvil om: på dashbordet lyste bensinlampa friskt oransje. Det hadde den gjort sidan eg køyrde frå jobb dagen før, men av gammal vane tenkte eg at dette skulle nok gå fint, for det har det jo alltid gjort. Som ungane seier: FAIL! Det viser seg nemleg at reservetanken på den nye bilen berre er på 5 liter - halvparten av det me er vand med. Om dette er ein feil, eller om det faktisk skal vere slik, er eg framleis litt usikker på, men no veit eg det iallefall!
Tilbake til den aktuelle morgonen, så var rådyra gode. Heldigvis skulle min kjære arbeide heimefrå denne dagen, og heldigvis har eg ein pappa som har alt av drivstoff og andre remedier på verkstaden sin, og heldigvis går gamlebilen litt. Av og til. Så då var det berre å få ut varseltrekanten, og setje seg og vente på redninga.


Ei god veninne køyrde forbi og såg bilen der, så ho stoppa og ville sjekke at alt var ok. Dermed kunne eg slå ihjel tida med ein god prat der, midt på stamvegen. Og når Rosamannen berre hadde fått fyllt, diesel, olje og vatn (!) på gamlebilen, så kom han putrande til unnsetning! Eg kom meg på jobb, og dagen var redda.

Ein annan fordel med ny bil er telefonen Rosamannen fekk frå ein lokal blomsterhandlar sist veke: "Det ligg eit gåvekort på ein flott blomebukett til deg her hjå oss. Når vil du ha den?" Gåvekortet var frå forhandlaren, og fredag kunne eg hente ein aldeles nydeleg haust-bukett på veg heim frå jobb. Lett rødmande over oppstanden hjå floristen over "ny bil"-buketten, men godt nøgd med å få friske blomar i hus til helga.



Så får me håpe at nyebilen går som den skal i all framtid, når han berre får litt "mat", kjærleik og omsorg. Det treng me jo alle! 

God veke!

7 kommentarer:

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Hehe, bensin er lurt å ha ja. I dag er det faktisk 5 år siden vi fikk vår bil overrakt, sammen med blomster. Den bilen er i "slekt" med deres nye, hvis jeg ikke har misforstått:) Går som ei klokke, men må altså ha bensin;)

Nikoline sa...

He.he..ein artig historie for oss som berre les om det og slepp å oppleva historien:0)
Det minna meg om ein gong me kom frå ferie, kom så langt som til Flatlandsmoen - der var det STOPP - godt bilen ikkje stoppa midt nedi Skjervet!
Koseleg med overraskande blomar til helga,då:0)

Igi sa...

Gratulerer med ny bil! Vakkert blomsterbikett.
Klem

Heidi (Vidunderleg) sa...

Haha! ler for eg sjølv med tanken på å bli ståande tom for bensin midt påm motorvegen! uff! Jaja, godt du fekk deg litt selskap!

Blomstrane dine var vakre!

rod i hob sa...

åååå -så kjekt å lese ett godt innlegg frå deg igjen :-) I ro og fred <3

Som du forstår, er det lite pc bruk på meg fortida. Rydder i indre skuffer og skap...!!

"Herlig" historie, he he, meine godt skreven!! Men kjip situasjon!! Sist helg då me var på vei til jæren i bursdag, kom me nesten opp i samme situasjon. Mannen sendte meg (Som ikkje GIDDE å fylla disel) noge stygge blikk!! Men me nådde heldigvis ferjå sjølv om reservetanken *BLINKA* Eg lære kansje??

Nå ska eg ta igjen dei tapte innleggå på bloggen din :-)

God helg :-)

rod i hob sa...

Mmmm -ja- Fine bloma :-)

Å ke bil har dåkke kjøpt?

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Alltid nya ting man må lära sig med ny bil, men sån är det väl med allt nytt. Och jag slår ett slag för automatgir - vi köpte ny bil för ett år sedan med automatgir och det är supert, speciellt när man som jag kör mye i rushtid. :-)

Nydelig blomsterbukket! Och gratis dessutom, kan ju inte blir bättre.

Hoppas du får en fortsatt fin mandag!

Related Posts with Thumbnails