fredag 9. september 2011

Where to begin?

...det har eg brukt nokre dagar på å tenkje over. For kvar skal eg begynne, etter over ein mnd utan å blogge? Kamera har vore flittig i bruk - iallefall periodevis, så det manglar ikkje på verken bilder eller tema. Det er orda som manglar. Eller har mangla. For no er eg igang! Bloggesperra som har vore både himmelvid og milelang har ikkje berre gjort at eg ikkje har blogga sjølv - eg har ikkje lese andre sine bloggar heller.... så no har eg masse å ta igjen - masse inspirasjon å hente, i tillegg til den haustlege inspirasjonen som no er i ferd med å fylle meg i kropp og sjel. Lysta til å scrappe, strikke, sy, hekle, og diverse andre prosjekt er på full fart tilbake - heldigvis!!
Midten av august kom som eit sjokk, når me etter sommarferie og sydentur plutseleg skulle igang med alle dei faste gjeremåla på ein gong! No er rutinane igjen på plass, me har funne rytmen, og innimellom vert det tid til å kose seg på arbeidsrommet.

Det eg gler meg aller aller mest til akurat no, er fotokurset eg skal begynne på om få dagar. 6 mandagar utover hausten skal eg reise til Bergen, for å gå på Folkeuniversitetet sitt kurs i grunnleggjande fotografering med digital speilrefleks. Inspirasjonen til dette har eg aller mest fått frå Kristin, som tok både dette og neste kurs-nivå på FU der ho bur. Kristin tek dei mest fantastiske bileta eg veit om, og eg reknar ikkje med å "bli som ho" sjølv om eg tek dette kurset, men eg veit at eg vil få mykje meir utbytte av det supergode kameraet mitt om eg kan litt meir om ganske mange ting.


Dei noko mystiske bileta ikveld tok eg på flyturen til Bulgaria, 13. august. Me flaug om kvelden, og fekk ein nydeleg himmel til reisefylgje! 

Håpar de der ute framleis stikk innom til meg i ny og ne - god helg! :)

6 kommentarer:

Igi sa...

Koselig at du er tilbake!
Klem

Annika sa...

Kjekt med "lyd" frå deg att :) Og takk for helsing hjå meg.

God helg! Klem :)

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Der var du, jo!!

Så kjekt å lese litt fra deg igjen, og takk for hyggelig hilsen inne hos meg og vakre ord om bildene mine her hos deg!! Håper du får lært masse på kurset og at du koser deg. Nesten så jeg ønsker jeg hadde et kurs i vente i høst også, det er jo SÅ moro!!!

Ha en fin helg!! KLEM!

Orlaug sa...

Kjekt du er tilbake!
Lukke til på kurset mandag!

rod i hob sa...

Kor blei de av min kommentar mon tru? Eg svarte hos meg og. Trollhasselen henge i "hallen" Eg kjenne meg godt igjen i beskrivelsen av "tørke" som du skrive om.. De viktigast e at du skrive når DU har lyst!

Å eg e her "alltid"

Kos deg masse på kurs, sku ønska eg og va der!!

Heidi (Vidunderleg) sa...

Kjekt du er tilbake! Gler meg til å lesa fleire blogginnlegg!

Related Posts with Thumbnails