onsdag 14. september 2011

Varme, ljose sommarminner

Siste veka før skulestart sette me oss på flyet til Burgas, Bulgaria. Målet for reisa var den vesle landsbyen Sinemoretz, berre 7 km frå Tyrkia. Det vart ei nydeleg veke! Sol og varme, men ikkje verre enn at me fekk sove om natta, og puste om dagen.  Og sjølvsagt hadde eg kamera med! No har eg plukka ut ein del av bildene, og er klar til å lage fotobok frå turen. Fotoboka er det Star Tour som spanderer - ein fin gest, syns eg!
Piggtråd med havutsikt.... Svartehavs-utsikt, for å vere nøyaktig.  Eg likar kontrasten, rett og slett.

Bilete teke inn gjennom ein jernport i den vesle landsbyen. Her budde det tydelegvis ein fiskar. Skuggespelet av sol gjennom lauvverket gjer biletet litt "uryddigt", men ein kan sjå diverse fiskeutstyr ligge i hagen, klare for etterarbeid, evt førebuing til neste runde.

Vetlesyster, sand, sol, sjø - need I say more.. <3

Skumring, med det fantastisk mjuke ljoset frå sola som er på veg ned i havet. Eg og Rosamannen på tur. Stemning.

Tusen tusen takk for alle dei kjekke og fine kommentarane om tivoli-kommoden min - jammen er det kjekt å blogge!!

God veke vidare - ta vare på dei du er glad i!

3 kommentarer:

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Flotte ferieminner!!
Ser ut som ein herlig plass!

Kommoden under vart knallflott! Knottane var tøffast!
Ha ein god dag!

KLEM!

Ingrid sa...

Ååhh det såg flott ut.
Tenk om vi kunne fått litt sol og varme før vinteren kjem.
Kommoden vart fin den. Dei fargerike knottane gjorde "susen"

Fiffiga Systrar sa...

Vilka njutningsbilder! Så härligt det ser ut! Gott med lite sol och värme!!

Håll kvar i dessa känslor och tankar och minnen när stormarna viner utanför husknuten. Gott att plocka fram fina varma minnen!

Godnatt och sov gott!
Kramar från Fiffiga Systrar

Related Posts with Thumbnails