måndag 26. september 2011

To floger i ein smekk - fotball og foto

Denne hausten har eg meldt meg på fotokurs på Folkeuniversitetet, som eg har skrive om før. Fotokurset er grunnleggjande, og mykje av innhaldet er kjend stoff. Samtidig er det alltid noko ein ikkje har fått med seg når ein utforskar kamera og teknikkar sjølv. Difor syns eg det er lærerikt og kjekt å delta desse kveldane i Bergen.


For kvar kurskveld får me ei oppgåve til neste gong. Denne veka skulle me ha fokus på lukkartid. Det er denne tida som avgjer kor mykje bevegelse det vert i bildet. Om ein klarar å "fryse" bevegelsar, eller om motivet vert "glidande". Den perfekte måten å teste dette på må jo vere fotballcup for dei minste. Storesyster  har vore fotballspelar ein sesong, og syns det er veldig kjekt. Ekstra kjekt er det sjølvsagt dei gongane ho klarar å sette ballen i nettet! Og på cup'en igår klarte eg faktisk å ta bilde akurat i det jenta var i lufta og ballen i mål. Litt bevegelse i bildet måtte det nesten verte, for her var det stor fart.

 Stor fart var det òg då ho med verdas breiaste glis feira scoringa :)


Vetlesyster på sidelinja er òg ei utfordring å fange med linsa, utan at det vert for mykje fart i bildet. Men når eg kan få ho til å sjå opp akurat i det eg tek bildet, ja då vert det både naturleg og fint. Syns eg ;)

Ikveld er det ny runde på kurs, og eg gler meg! Ikkje berre er kurset kjekt, men den timeslange togturen er herleg (for meg som ikkje gjer det veldig ofte...). Dei to foregåande turane har eg mellom anna gjort ferdig fotoboka frå Bulgaria-turen vår, og no gler eg meg veldig til å få den i posten!

God veke!

2 kommentarer:

Igi sa...

Så kjekt med fotokurs!
det kunne jeg tenkt meg å prøvd selv...
Herlige jenter du har!
Klem

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Så gøy med fotokurs. Fint att få lära sig lite mer grunläggande teknik. Och kjekt med oppgaver för att prøve sig fram till goda resultat.

Hoppas du har haft en fin onsdag!

Related Posts with Thumbnails