søndag 11. september 2011

Tivoli-kommode

Yttergangen vår er liten. Veldig liten! I sommarhalvåret går det på eit vis, men når hausten og vinteren kjem, og huer, vottar, skjerf og sko skal plasserast vert det fort kaos. For å gjere eit forsøk på kaoskontroll gjekk eg i sommar til innkjøp av ein kommode. På Bruktn på Voss fann eg akurat det eg leitte etter - eit oppussingsobjekt med 8 skuffer!

Eg gjekk igang med den obligatoriske kvitmalinga, men klarte ikkje heilt la det bli med det. Eigentleg ville eg gjerne ha bytta ut knottane med nokon fine, eller morsomme, eller kule, men desse knottane var limt inni, og det ville ikkje bli særleg vakkert å fjerne dei, fann eg ut.


Difor fann eg fram dei to malingsboksane med knall rosa og turkis, som eg brukte på dei innebygde CD-hyllene i stova vår sist sommar. Eg syns resultatet vart friskt og fint, med annakvar skuffe i rosa og turkis - ei av kvar til kvar av oss.

 Rosamannen var/er nok litt meir i tvil, og syns kommoden ville ha passa godt inn på tivoli ;) No står den på plass inn under trappa, klar til innsats når hausten kjem snikande. Med voksduk i botnen av skuffene kan til og med små jentesko oppbevarast utanfor synsfeltet. Eg er nøgd!


Idag har me vore 10 stykker rundt middagsbordet, og herr og fru Rosa har diska opp med 4 kg lammelår, ovnssteikte poteter, soppstuing, fersk asparges, og min eigen "sagnomsuste" saus til. Det smakte godt, etter det svært slunkne restefatet å døme. Då er det berre å gjere seg klar til ei ny veke, som mellom anna byr på fotokurs, kor-debut for storesyster, og "min dag" i barnehagen for vetlesyster.

Håpar du får ei god veke!

9 kommentarer:

mali-mo sa...

Den middagen hørtes helt fantastisk ut, no ble eg så sulten!!!!

Smart kommode ide, det flyter he rog, så det må kanskje kopieres. Planen var å bygge et skap, men hahaha, tror det er et stykke nedpå listen ja ;)

Takk fo rkoselig hilsen,kjekt du er tilbake igjen her inne ;)

Elin / Draumesidene sa...

SMART og TØFF kommode! Ein får aldri nok lagringsplass? I alle fall ikkje her i huset ;) Takk for kommentar, eg VEIT at desse kvite golva vil tape seg etter kvart... Men på loftet har dei vore kvite i eitt år. Og dei har halde seg bra. Det blir sjølvsagt meir slitasje i hovedetasjen, men vi kryssar fingrane for at det held ei stund! :)

Ynskjer deg og dine ei strålande veke!

God klem,
E :)

GodTid sa...

Lekker kommode!:) Voksduken i skuffen ligger på spisebordet vårt! Hihi..

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Skikkelig fin og kjempepraktisk. Et kupp :)

Gleder meg til å høre/se fra foto-kurset.

Igi sa...

Så flott komoden ble! Knottene er "prikken over i'en".
Klem

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Å så cool! Verkligen en god idé att måla knottene i forskjellige färger.

Hoppas du har haft en riktigt fin måndag!

Heidi (Vidunderleg) sa...

Oj Hurra!!! For ein fantastisk fin kommode! Ein slik ein vil eg og ha!! Den var berre rålekker! For ein god idè å mala knottane (så sparte du jo også nokre kroner på nye knottar!) No fekk eg ny energi til å tråla bruktbutikkane i området igjen- på jakt etter noko til min eigen minigang!

God veke til deg! Og tusen takk for hyggelig kommentar hos meg! Det varmar som alltid eit vestlandshjerta!

Nikoline sa...

Alldeles ypparleg resultat!! Og rosamannen er eg HEILT ueinig med skal du veta..
Takk for ein fin kommentar frå deg forresten,bukkar audmjukt -
ser at du ber inn til litt finare rettar enn eg gjer.. me er 7 rundt middagsbordet for tida og i går var det evangerkorv på menyen - med poteter og kvit saus og ingen ting anna flotte greier..
Har det vorte meir campingvognturar då,eller?
(det hadde i alle fall ikkje vore noko stas å satsa på telt-turar denne sommaren!)

Anita Kristin sa...

Frisk kommode, og ein god ide. Ein må utnytte den vesle plassen ein har.

Middagen hørtes veldig god ut. Kjekkt å vere mange til bords.

Related Posts with Thumbnails