søndag 18. september 2011

Telys-kort fyllt av varme tankar

Sist veke laga eg et telys-kort til ei veninne. Ho har hatt nokre tøffe månader i kontakt med helse-Norge, i endelaus venting og uvissheit om helsetilstanden. I slike situasjonar er det så lite ein kan gjere, anna enn å vise at ein bryr seg. Det kan ikkje gjere noko fysisk frå eller til, men kanskje kan det gje ei lita lindring for ei stund? Det er iallefall håpet.

Ei lånt Hänglar-jente med ei stor krukke raude hjarter vart stempla, og fargelagd med dei gode tusjane mine.  Nydeleg papir, band og pynt som eg kjøpte i New York i fjor kom endeleg til sin rett. Kortet vart hengd på døra til veninna mi dagen etter det vart laga, og etter alt å døme vart målet mitt nådd :)

No håpar eg berre alt går rett veg, etter at ho dei siste dagane har kjempa sitt livs kamp, mellom slangar og maskiner på sjukehuset. Det som skulle vere eit rutinemessig inngrep vart noko heilt anna, og alt me kan gjere er å sende håp og varme tankar.


I møte med slikt vert våre eigne bekymringar så små og meiningslause, sjølv om dei der og då kjennest reelle nok. Desto viktigare vert det å ta eit steg tilbake, og sjå kor heldige me faktisk er. Kor viktig det er å ta vare på dei me er glad i!

7 kommentarer:

Nikoline sa...

Imponert over tanke,ord og gjerning!!
Ha ei fin veke:0)

Orlaug sa...

So fint kort!
Tenkjer masse på ho, og kryssar fingrar.

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Huff, dette var da ei lei historie. Men kortet og omtanken din varmer. Sender henne de beste tanker.

Annika sa...

Kortet var iallfall nydleg, og kloke ord i innlegget ditt. Håper det går bra med venninna di. Hørtes absolutt ikkje noko kjekt ut. Klem!

Anne sa...

Kjempefint kort som nok varmer hos mottaker. Håper det går bra med venninnen din ! Klem

Igi sa...

Så nydelig kort!
Det lyser nok opp en usikker hverdag.
Klem

Noralill sa...

Eit fint kort med ein nydeleg tanke til.

Kryssar fingrar for venninna di, ikkje lett å vera sjuk i møte med sjukehusa...

Klem

Related Posts with Thumbnails