laurdag 24. september 2011

loppis-engel fram i laurdagskvelden

Laurdagskvelden er nesten over, og det er stille i Rosaheimen. Eg likar å sitte i stova når resten av huset søv.  I ettermiddag fekk eg eit snev av ommøbleringslyst over meg. Eller nei, ikkje ommøblering. men lyst til å flytte litt på småting. På butikken stod det lyngplantar som var så sterke i fargen at dei nesten var sjølvlysande. I ein pose låg ein engel eg kjøpte på Mjøsmarknaden tidleg i august, men som ikkje hadde fått komme til heder og verdigheit endå.

No har den det. Eit veldig fint sjakkspel, kjøpt på Kreta for nokre år sidan, vart pakka vekk for ei stund, og på kommoden fekk lyng og engel overta plassen etter mytiske sjakkbrett-figurar. Eg likte forandringa.




I stovevindauga saman med den kvite hjorten står to lykter i marrokansk stil som eg kjøpte på Netthandelen i sommar. Netthandelen er farlege saker. Auksjonsside, der alt vert sendt frå samme lager, og ein dermed "sparar" porto og ekspedisjonsgebyr på å bestille fleire ting på ein gong. Det er lett å la seg rive med!! Men eg likar lyktene òg. Stovevindaugene våre har som du ser framleis ikkje gardiner, og kjem nok ikkje til å få det heller. Etter at me pussa opp stova sist sommar vart listene rundt desse vindaugene så store og spesielle at dei ikkje kan dekkast til med gardiner, syns me. Dessutan ville dei stele sårt tiltrengt lys inn i rommet. Dermed får dei vere slik, inntil me finn ut noko anna :)


No skal eg berre sitta "litt til", før eg finn vegen i loppekassen. I morgon går heile dagen med til fotballcup - årets siste! Me håpar på opphaldsvèr og glade fotballungar!

God sundag til deg!

3 kommentarer:

Anita Kristin sa...

Så koselig det vart opppå kommoden. Det er noko eige med englar.

Her var det fotballturnering i går, der både store jenta og mannen var med. Kjekkt med turnering, men kjekkt når det er over òg.

Ha ein riktig fin søndag!

Annika sa...

Så stemningsfulle bilder :)

Ja, litt morsomt at du tenker på jobb når du høyrer Hjørungavåg. Eg har gjerne sagt at det er partikollegaer av meg som driv KD?

Ynskjer deg ein strålande fin søndagskveld. Berre fem dagar att, så er det helg på ny ;)

Klem!

Marte sa...

Hei du!

Tenkte faktisk på deg i går - du skulle jo vært der!!
Neste gang må du love å komme, det var så artig!!

KLem, Marte

Related Posts with Thumbnails