fredag 30. september 2011

Fredagsrose

Plutseleg var veka gått. Nok ei travel veke, fyllt opp med jobb og aktivitetar for små og store. Nokon gongar kjennest det som me berre har mandagar og fredagar, fordi dagane og vekene går så fort. Men det heiter seg jo at tida går fort når ein har det kjekt...
Dei siste to vekene har eg meir eller mindre fungert (?) som dagleg leiar på jobb, sidan sjefen min har 2 vekers ferie. Å vere dagleg leiar fortonar seg nokså anleis i aktive septemberveker enn sommarsløve juli-veker, som eg har prøvd før. Det  har vore utfordrande, med svært varierte oppgåver og problemstillingar, men samtidig er det kjekt med utfordringar! Det er jo dei ein veks på, og det føler eg at eg har gjort.
No er det ny helg, og også den vert aktiv, med konsert, pizzabesøk, og ein tur til kyrkjes på søndag, når vetlesyster skal få 4-årsboka si. Kjekt alt saman! Når me i tillegg har fått ny bil heim i tunet i kveld, tenkjer eg at det vert ei bra helg.



Denne rosa har sprotte ut på ei av dei nye rosebuskene eg planta i sommar. Den eine har desse rosa rosene (litt meir intens i fargen her enn på originalen, grunna eksperimentering med kameraet), den andre har gule roser med litt rosa kanting. Og rosa er til DEG, som stikk innom meg og legg att koslege kommentarar. Utan deg hadde det ikkje vore så gjevande å blogge, så tusen takk!

Og god helg!!

5 kommentarer:

Anita Kristin sa...

Kvardagane kjem brått etter sommarferien, og plutseleg er det haustferie.

Riktig god helg, med både små og store hendingar.

Shus sa...

Ja, vekene fyke, og plutseleg er det deilig fredag igjen! Kjenner kor helgefølelsen bare kjeme i kroppen og roen senkar seg.

Ha ei strålande helg!

Klem frå Solveig

Noralill sa...

Eg er einig, vekene fyk avgarde, eg synes nesten det er fredag heile veka...

Kjekt med utfordringar på jobb, iallfall når ein føler ein meistrar dei.

Fiin rose, eg skal ut å plukke meg ein bukett eg òg...
Klem og god helg til deg!

The Rosegarden in Malevik sa...

ROSOR e aldrig fel :)

B
L
O
G
G
P
A
R
T
Y
T

fortsätter.......
Ta en titt......det är kul:)
VÄLKOMMEN :)
Håkan

Nikoline sa...

Då håpar eg helga har gått som forventa, og gratulerar med ny bil!!
Tida flyg,det skal vera sikkert!
God søndagskveld til deg og ei god ny veke i vente:0)

Related Posts with Thumbnails