torsdag 4. august 2011

Finaste toalettveska

Eg er superduperheldig, som har ei mamma som mellom anna er flink til å sy! Der eg knotar med å få til bein saum på eit skjørt, kan ho trylle fram dei vakraste ting med stoff og symaskin - slik som denne toalettveska.


Det nostalgiske biletet er printa rett på bomullsstoff, som sidan er stroke på eit anna stoff, kanta med silkeband og blonder, og til slutt har det vorte ei nydeleg toalettveske i rosa og lilla romantisk preg, akurat slik eg likar det!


Inni er det i tillegg til det store hovud"rommet" fleire lommer i sidene, og etter å haprøve- pakka i den kan eg stadfeste at ein får plass til alt som trengs!


Tusen takk, mamma - denne vert det ein fryd å ha med seg på tur!

2 kommentarer:

Annika sa...

Sooo fin den var! Har eit par heimesydde eg også, ei kjekk tante som har sydd. Absolutt dei kjekkaste dei, also!

God tur til Biri i morgon. Blir det med vogn på slep?

Klem :)

Heidi (Vidunderleg) sa...

Jammen er du heldig! Noko slikt kunne eg aldri drøymt om sjølv! Den er jo finare enn noko du får kjøpt på butikken!! Slike mammaer veks ikkje på tre lenger, så du er heldig (men det veit du nok)!

Related Posts with Thumbnails