torsdag 28. juli 2011

Summerbreeze

At livet er fyllt av kontrastar har me verkeleg fått bevis for i det siste. Parallellt med alt som har skjedd av grufulle ting "der ute", så går heldigvis kvardagen omtrent som normalt her heime. Me er inne i siste felles ferieveke, utan at me eigentleg har vore på nokon "skikkeleg" ferietur. Me veit jo at me har ein Bulgaria-tur i vente i august, så vår "staycation" er igrunn etter planen. Likevel har både store og små har behov for å få litt anna ein heimleg luft under vingene innimellom. Då passa det veldig bra at me vart inviterte til eit lite ferieparadis på Askøy sist fredag. 5 flotte gutar som me er så glade i hadde ei ferieveke der med foreldre og eit sett besteforeldre, og me syns det var storveges å ta ein dagstur dit! Det vart både båttur, leik i strandkanten, og bading ute og inne, og alt saman i godt selskap.
Trykk på biletet for å få det i full størrelse.

Det måtte verte endå ein montasje for å få med nokre av bildene frå dagen utan at innlegget skulle verte metervis langt, og så syns eg jo det er frykteleg morro å sitte å putle i photoshop ;) Orda er,som du sikkert forstod,  henta frå den gamle slageren "Summerbreeze".

Så kryssar eg fingrane for at dei resterande feriedagane vert fylt av sol, varme og glede, slik dagen idag har vore!

2 kommentarer:

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Hei!
Takk for sist! Kjempekoselig å treffe dere: )
Nå har vi hatt tre dager i London og kost oss der, men ellers har dagene vært preget av Oslo/Utøya-tragedien.

Ha fine sommerdager- Flott montasje!!
KLEM!!

Marte sa...

....det er fint på askøy, der er samboeren min fra:o) Herlig med litt sol etter gammalt!!

God helg!
Klem, Marte

Related Posts with Thumbnails