søndag 3. juli 2011

Stryk det som ikkje passar...

På pipa på kjøkkenet mitt har eg malt eit rektangel med tavlemaling. Tavla er ikkje veldig mykje i bruk, sjølv om intensjonen var god, men nokon gongar finn eg ut at teksten skal endrast. 

Idag har det vore ein ganske våt søndag, og så langt i sommar har me (som eg vel har skrive til det kjedsommelige) ikkje hatt særleg mange skikkelege sommardagar med sol og varme. Derav tavleteksten under; stryk det som ikkje passar ;)


Når dette er sagt, så må eg jo ta med at gårsdagen var eit herleg unntak! me hadde over 20 grader, og strålande sol iallefall delar av dagen. Huset vårt ligg berre 20 meter frå vatnet, men det er lite brukt til bading, sidan enorme mengder smeltevatn finn vegen ned langs fjellsidene heile våren og forsommaren. No er det i tillegg flaumstort, grunna dei enorme nedbørsmengdene i veka som har gått. Men igår var det endeleg sommarvarmt, og me trengte noko å finne på. Dermed var det på med badedrakter og ned til det våte kalde. Mor sjølv dyppa kun storetåa, men småtyttene viste seg å vere skikkeleg tøffe, og var uti med heile seg!



No håpar me på fleire slike dagar - MANGE slike dagar, sjølv om berre halve familien har ferie foreløpig.

God sommarveke til deg!

2 kommentarer:

Annika sa...

Tøffe småjenter! Sjølv kor varmt det er i lufta, skal det noko til før eg vel å bade... Men heldigvis syns dei små det er kjekkare tidlegare.

Ikkje så mykje sommar å skryte av her heller. Men vi har ikkje regn, i det minste, kjekt berre det!

God måndag :)

Mamsens hus sa...

Hei :)
Viktig å nyte de fine sommerdagene. :)
Ønsker deg en fin dag :)

Related Posts with Thumbnails