torsdag 7. juli 2011

Sommarsol og sommarregn

Kva er det med sommarregnet, som gjer det så utruleg vått? Ja, for eg er heilt sikker - det ER våtare med desse ettermiddagsbygene enn det er med "vanleg" regn. Som i ettermiddag - og igår ettermiddag. Eg og Vetlesyster var ute, det var varmt og fint. Og så; KLASK! Ein regndråpe formeleg smell i bakken. Så ein til, og ein til, før plutseleg alle himmelens sluser opnar seg, med eit verkeleg sus i lufta!


Eg er facinert! Ikkje at eg likar regn i tide og utide, for det hadde jo vore kjekt om ein slapp å køyre omkapp med regnbyga, slik eg gjorde igår, for å redde dei turre kleda på stativet! (Eg gal-køyrde ikkje, altså - men eg rakk det! ) Og altså: facinert! Kvar einaste dråpe lagar ein stor våt flekk der den treff bakken, og iløpet av minuttar er det store dammar i hage og veg, og den stakkaren som er ute og ruslar ein tur, han får seg ein real kalddusj, bokstaveleg talt! Fullt så morro er det nok heller ikkje for dei som slit med slåtten i desse dagar, og aldri kan lite på vèret, anna enn at det er ustabilt.


Men sommar er det like fullt! Det har me merka godt denne veka, med temperaturar over 20 grader kvar dag. Eg har kjøpt plaskebasseng til å ha på platningen, og grillen er flittig i bruk. No i ettermiddag slapp eg Vetlesyster ut i det før nemnde sommarregnet, men ho søkte rimeleg fort tilflukt under handkleet, den vetle frysepinnen ;)


Og når middagen var innteken og sola glytta fram att - då hadde eg og ho jordbær og is på trappa. DET var sommarkjensle, det! Rosamannen og Storesyster er på ein liten tur, og imorgon skal me hente dei heimatt. Det trur eg alle gler seg til :)


Etter ein antakeleg kort dag på jobb imorgon, med Vetlesyster som assistent, tek eg FERIE! 3 veker utan nokon planar skal verte nydeleg - og så får me håpe at det vert mykje sol og varme, ispedd ei og anna regnbyge ;)

1 kommentar:

rod i hob sa...

God ferie kjære du :-)

Heilt enig med deg ang regnet.. heilt utrulig kor store og våte dråpane er...

Her har me endå to veker igjen, i regnet... Men når ferien endelig kjem, -har me masse plana -håpar sjølvsagt at me får fint ver og :-)

God ferie!!

Related Posts with Thumbnails