torsdag 21. juli 2011

Slåttetauser for ein kveld

Foreldra mine driv eit brattlendt småbruk i bakkane over oss. Her lyt mykje manuelt arbeid gjerast, med slåmaskin, rive og høygaffel, for ikkje å snakke om den uvurderlege vetle traktoren som tek seg fram som ei åme overalt! Heile somrane går med til slåtten, og når regnet ausar ned er det ikkje mykje å misunne!


Å sei at me er flinke å hjelpe til ville vere ei grov overdriving, for ikkje å seie reinspikka løgn! Men ikveld har me iallefall vore der, eg og jentene. Dei bar det våte graset i armane, hoppa litt i haugane, og leika med hundane på garden medan eg friska opp gamle kunstar med riva. Som bileta viser - stor stas! No håpar me for Besta og Besten sin del at det vert mykje godvèr, slik at dei vert ferdige med fyrste runde, og kan få ei velfortent pause før runde to!






Igår hadde me superkjekt besøk av Annika og hennar Sindre, på veg sørover i landet. Utruleg kosleg å møte Annika, etter lang tids kommentarutveksling på bloggane. Men ikkje nok med det; imorgon kjem Kristin til bygda med mann og barn, også det ei blogg-veninne eg ikkje har møtt før. Me skal ta turen på Patina, og kanskje vert det tid til ein tur innom Rosaheimen òg? Eg gler meg, iallefall! 

5 kommentarer:

Heidi (Vidunderleg) sa...

Hurra! No kom eg meg endeleg inn på bloggen din, via telefonen! Og for ein kodeord blogg!! Og takk for søle dei kjekke helsingane på min blogg, dei vert verkeleg verdsett- sjølv om dagane har vore hektiske og helsingane tilbake har vore mangelfulle i det siste!

Ynskjer deg ein vakker dag!!

rod i hob sa...

Skal lesa innlegget seinere :-) *Kosa meg* Men akkurat nå e eg siste dagen på jobb :-)

Hamleys hette lekebutikken. Glede meg til den :-)

Ellers blir det London Zoo, London Eye (Kjøpt billettar på forhånd) Akvarium... Madame Tussaud...

Å pittelitt utvalgte butikkar til å shoppe i. GLEDER MEG!!

Anita Kristin sa...

Så herlege bilete!
Arbeid skal jo også vere morosamt.
Riktig god helg!

fryd&forandring sa...

LYKKE! Nydelige barn du har!! Titter innom via vingesus og jubelbrus-bloggen. Her må jeg titte innom igjen, legger meg til som følger!!!
Sommerklem fra meg!

Mascus Norge Slåmaskin sa...

Flotte bilete av slåttetauser!

Kjekt å sjå og høyre om gardsarbeid i Norge.

Med vennlig hilsen

Mascus Norge

Related Posts with Thumbnails