tysdag 26. juli 2011

Samhald og kjærleik


Igår gjekk me i fakkel/rosetog gjennom Voss sentrum. Heile 1500 menneske møtte opp, iflg lokalavisa. Eg og jentene var med, og det kjendest rett og godt. Etter alt det grusomme som har hendt i helga vert eg som så mange andre rørt over korleis folk i heile landet, frå "grasrot" til toppleiing, viser styrkje og samhald i den absurde tida me no er inne i.
Eg er ikkje i stand til å ta inn over meg kva ungdomane på Utøya har vore igjennom, sjølv om eg har lese side opp og side ned med beretnigar frå nokon dei som kom frå det med livet i behald. Men medkjensla er der, i aller høgste grad. Sjølvsagt òg med dei som vart ramma av bombeåtaket i forkant!

Ofte er det song og musikk som verkeleg set kjenslene i sving, og som opnar ein ekstra dimensjon både i sorg og til trøyst. Maria Mena sin versjon av Ole Paus sin tekst "Mitt lille land" har kanskje vorte den sterkaste symbol-songen for mange.

Mitt lille land 
Et lite sted der en håndfull fred slengt ut 
blant vidder og fjord 
Mitt lille land,der høye fjell står plantet mellom hus,
g mennesker og ord. Der stillhet, og drømmer gror.
Som et ekko,i karrig jord.

Mitt lille land, der havet stryker mildt om rygg,
som kjærtegn fra kyst til kyst.
Mitt lille land, der stjerner glir forbi og blir et landskap
når det blir lyst, mens natten, står blek og tyst.





"Til Ungdommen", som eg hadde med i forrige innlegg er òg ein slik, for min del, med sin sterke bodskap frå langt tilbake.

Men den aller nyaste og mest personlege er det ei ung jente frå Osterøy som har skrive. Osterøy har mista to unge gutar, og ein av dei gjekk Ida Hjarteskribler på ungdomsskulen med i tre år. Ta deg tid til denne vesle visa, innspelt i seine nattetimar med sorg og bekymring i stemma.


I himmeln from Ida Marie Midttun on Vimeo.

I himmeln
Vi håpar alle at himmlen e blå, at der e skyar du kan hoppe på 
At du lekar med vind i ditt hår, i himmlen e det alltid vår. 

Det e et mareritt ingen forstår, vi vil våkne, men det vil ta år 
Ditt minne vil alltid bestå, du er den beste venn som noen kan få 
Det e ingen som fortjenar det her, familien og de som e nær 
Eg tenkar på tårene, å, du må jo ha det bra der du e nå? 
De e så mange som savnar deg her,  kan du høre oss over der?
De e så mange som savnar deg her,  kan du høre oss over der?
Vi håpar alle at himmlen e blå, at der e skyar du kan hoppe på
At du lekar med vind i ditt hår, i himmlen e det alltid vår. 





All verdas medkjensle og gode tankar til dei som treng det.

2 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

Der har du funnet to virkelig fine sanger. Både ord og toner greier å beskrive noe av det vi opplever.

mange koselige innlegg nedover her også. Prøvde å svare via telefonen men den ville ikke samarbeide ;).

Velkommen på stølen, om det skulle passe sånn :)

Anonym sa...

Dette var et nydelig innlegg fru Rosa.
Taarene siler.
Noen ganger er man bare saa altfor langt hjemmenifra. Avstanden til dem man har kjaer foeles uendelig. Takk for at du delte disse sangene!

hilsen AG

Related Posts with Thumbnails