laurdag 9. juli 2011

Love is in the air

Av og til  dukkar det opp små detaljar som ein ikkje ser om ein ikkje tek seg litt ekstra tid. Slik var det med dette hjarta som bjørkene framfor huset vårt laga i lufta. Ein ettermiddag eg sette meg ned på trappa med ein kaffikopp dukka det fram, og eg måtte springe inn og hente kamera. Her har eg fyllt inn hjarta i Photoshop, berre for å få det endå betre fram.

No har eg begynt på ferie, og me har 3 veker utan ein einaste plan framfor oss. Herlegt, og nesten ein tanke skremmande, for ein familie som er vant til å vere i full fart heile tida ;)

Me satsar på fint vèr og småturar rundt omkring.

God helg vidare!

4 kommentarer:

Marlene sa...

Nydelig!
En vakker detalj sett med et godt øye!
God sommer.

tanja sa...

ja dåkke er ikkje vande med å sitte på stumpen dåkke nei.. vi har heldigvis mange søskenbarn her no so då blir det litt fart og spenning:) de får ta ein tur, vi har plass!

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Du er jammen god til å se detaljer.
Å ha litt uplanlagt fritid, det burde vært påbudt :) God ferie!

Orlaug sa...

So flott....det detta med å oppdage det, då....ikkje alle hadde gjort det.

Related Posts with Thumbnails