tysdag 19. juli 2011

Hold a true friend...

Vetlesyster og pusen (som no har fått sitt hittil beste navn: Kattastrofe!) er bestevener. Heilt sidan me fekk pusen rett før jol, har Vetlesyster bore den rundt, gjerne bretta dobbelt, utan at pusen har gjort noko anna enn å vri seg laus om det vart for harde tak. Ein utruleg tålmodig katt! No har hannkatten vår fått ungar, og dermed bevist at å sjå kjønn på små kattungar er tilnærma umogleg! Både kattemora og dei tre små har stadige besøk av Vetlesyster, som nett må sjå litt, stryke litt, eller legge dei til rette. Om den nybakte mora er veldig fornøgd med akurat det skal vere usagt, men ho har framleis ikkje verken klort eller noko anna, når den vetle frøkna kjem stikkande.

No går diskusjonane høgt i heimen, om kor mange av dei tre som skal forbli her, og kor mange som skal ut. Me har fleire i familien som kanskje vil ha katt, så eg håpar at me kan få gjeve vekk to. Prinsessene derimot, er svært bestemte på at dei skal ha ein kattunge kvar, og at berre ein skal få ny heim. Tida vil vise kven som har sterkast vilje i saka... Inntil då: "Hold a true friend with both your hands!"

4 kommentarer:

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Haha...no trudde eg det hadde rabla for deg...Hannkatten hadde fått kattunger. I beste fall tenkte eg at den var blitt pappa til nabokatta sine unger, men det var litt rar måte å skrive det på...Hihi!!

Flotte bilder!! Kanskje me får klappa kattunger på torsdag me då?!

KLEM!!

Lene K. P. W. P. sa...

Katten tenkte: de tror jeg er en guttepus, jeg skal jaggu vise dem!

;) Søte små, håper dere får gitt bort 1 eller 2 da!

Marte sa...

Heisann!

Der fant deg deg att - trudde du hadde lagt ned bloggen skjønner du, fordi når eg går inn via kommentarer fra deg kjem det opp at eg ikkje har tilgang el nåke i den dur..
Så har eg hatt Kristin på besøk her i kveld, og eg spurte om du hadde slutta å blogge -men det har du jo ikkje!.D

Tusen takk for koselige ord du legg att hjå meg, blir så glad atte!!

Klem, Marte:o)

Marte sa...

Ja, no har du fiksa det:o)

Kose deko masse i måro!!

Klem, Marte

Related Posts with Thumbnails