måndag 11. juli 2011

Himmelsk - på Stord

Igår tok Rosafamilien seg ein aldri så liten "roadtrip". Turen gjekk til Stord, etter ei melding frå skjønne Henriette, med bloggen To hus tett i tett, om ei mogleg campingvogn for salg. Eg hadde aldri møtt Henriette før, kun vorte kjend med ho gjennom blogg og litt på facebook, men når sjangsen baud seg til å møte ho var eg ikkje i tvil!

Korleis det gjekk med campingvogna kjem eg tilbake til, for møtet med Henriette og hennar nydelege små fortener eit heilt eige innlegg! I tillegg til å vere ei knakande kjekk dame, smilande og blid, tok ho oss med til restauranten som mannen hennar hadde opna berre to dagar før, like ved hurtigbåtterminalen i Leirvik. I knallfine lokaler som var nyrenoverte etter brann ifjor, fekk me vere med opp i andre etasje. Her var det tumleplass for ungane, medan me vaksne kunne prate og kose oss.

Og ikkje berre det; medan me sat der kom servitørane med fleire fat fylte med smårettar frå kjøkkenet. Smakebitar på den arabiske maten mannen hennar har teke med seg frå heimlandet, og som no har vorte konseptet bak "Himmelsk", som restauranten heiter. Og det var verkeleg himmelsk, både maten og opplevinga. Me følte oss som dei reinaste VIP-gjester der me sat og kunne velge og vrake (mest velge!). Endåtil Storesyster, som vanlegvis er småskeptisk til ukjend mat, prøvde mykje av det, og kom berre med godlydar! Eg kan ikkje skrive eit einaste navn på rettane, men gode var dei. Og dei søte bakverka som fylgde med kaffikoppen var ikkje noko unntak - tvert imot!

Difor kjem det her ei varm anbefaling - er du på Stord, så stopp for all del i Leirvik og få med deg den unike maten og opplevinga det er å ete på restauranten Himmelsk. Den lever heilt opp til navnet! Og dersom du framleis er usikker, så ta ein kikk på bileta nedover.









Tusen takk for oss, Henriette, og all verdas lukke til med husbonden si storstove!

4 kommentarer:

Annika sa...

Så flott det såg ut! Kanskje vi får lagt ein tur innom Stord også, i ferien vår. Trur det vert å kjøre til Bergen i midten av neste veke. Om de er heime, legg vi turen innom :)

SV: Ja, både Flø og Brandal er vakkert. Flø har eigen Moods-butikk og galleri, og kunstival kvar juni. Anbefalast å oppleve!

Fortsatt god kveld :) Gler meg til å høyre om campingvogna!

Patina-H sa...

Der såg det både fint ut og smakfullt ut :) Kjekt å kome seg litt utanfor bygda ;) Og lukka te med ny campingvogn !

Henriette sa...

Tuuuusen takk for fin ord:) Kjenner at eg raudnar litt her eg sit.....Det var såååå koseleg å møte deg og dine, og ungane har alt byrja å spørje kva tid me skal besøke dykk;)

Håpar berre ikkje me sende med dykk noko virus. Her har ungane vore sjuke med feber på omgong heile veka. I dag har eg erklært TV, film, nintendo dag.No var det tomt for gode inne ideear;)


Kos dykk på Camping.
Klem:=)

Heidi (Vidunderleg) sa...

Så koselege bilete! Denne restauranten har eg ikkje høyrt om før, og det er jo ikkje så langt i frå oss- så kanskje det blir Stord neste!? :)

Related Posts with Thumbnails