fredag 8. juli 2011

Draumen om ei campingvogn

Denne sommaren har eg stadig tenkt på kor fantastisk det ville vere å ha ei hytte ved sjøen. Ein plass å reise til, ein plass å finne ein anna type ro enn i si eiga stove. Fiske, bade - sjølvsagt alltid i fint vèr ;) Men, om ein ikkje plutseleg skulle arve noko av ein til no ukjend onkel, så vert det nok ikkje noko hytte ved sjøen på oss i næraste framtid. Dermed gjeld det å pense draumane inn på noko som er meir realistisk. Realistiske draumar syns eg er fint!

Difor handlar draumane no om ei campingvogn. Og etter ein tur (ikkje berre ein, om sant skal seiast - MANGE turar) på finn.no, har eg sett bilder av campingvogner i alle størrelsar, prisklassar og modellar. Eit hav av campingvogner!
Bilete lånt frå www.careavan.org
I heimen vår er det som oftast slik at Rosamannen er den impulsive, og eg er den som held att. Men då denne bråvåkna lysta på ei campingvogn kom over meg vart EG den impulsive. Og tru det eller ei - han vart den som held att. Ærre muuuuuulig!? Det kan ha noko med at han sjølv såg innmaten i nokre campingvogner då han var liten - campingvogner som svigerfar hadde kjøpt saman med ein sekk med kattar. Våte, fuktskada kattar!
Bilete lånt frå good.net.nz
Men no sit me altså begge på finn.no og surfar etter campingvogner i høveleg størrelse og pris, og fortrinnsvis utan fukt og råte. Og dersom ei slik skulle dukke opp, så opnar det seg jo ei heilt ny verd av oppussingsmoglegheiter (ikkje at eg manglar det i heimen, altså, men det er eit anna kapittel)! For alle dei vogner eg til no har sett er nokså stusslege innvendig. Det er mykje falma brunt og oransje, ispedd litt beige. Tenk så morro å friske opp med måling og tekstilar, og skape sin eigen vetle fristad - friheit på to hjul! (eller fire då, om mannen får det slik han vil ;) ) Eg kan nesten ikkje vente! Inspirasjonsbileta her syns eg var herleg friske, sjølv om me kanskje ikkje ville vere fullt så modige i fargebruken...

Bilete lånt frå happydayvintage.blogspot.com
Difor skal du ikkje verte overraska om det iløpet av sommaren kjem eit eller fleire campingvogn-innlegg frå denne kanten. Om ikkje motet forsvinn, eller våre ulike krav til ei vogn vert uforeinlege ;)

Skulle du ha gode tips om campingvogner eller inspirerande makeover-bilder, så kom med dei!

7 kommentarer:

Henriette sa...

Så spennande med Campingvogndraumar! Det einaste tipset eg kan koma med er at svigerinno skal selja si....Ho er ikkje akkurat av siste årsmodell, men dei har gjordt ein heil del vedlikehaldsarbeid på ho dei siste åra;) Årsmodell og andre slike trivialitetar anar eg ingenting om;)

Håpar du får ein flott ferie, så får me krysse fingrar for at det snart vert SOL!!!

Klem Henriette

Henriette sa...

Ja, altså det var vogna, og ikkje svigerinno som ikkje var av siste årsmodell og hadde fått utført vedlikehaldsarbeid;)

Orlaug sa...

Å, detta ser spennande ut....
Fine fargar, ikkje berre brunt....

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Spennende. Jeg fikk ei gammal vogn av mine foreldre som dattera pusset opp i fjor. Fra mørk brun inni ble den hvit. Å tenk, ungdommene var så sprelske at det ble sorte gardiner ;D

Rønnaug S. sa...

Heisann. Det var drømmen sin, det. Spennende å se om det kommer ei rosa vogn forbi :)

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Høres spennede ut - og kjekt å vera litt impulsiv innimellom! Me holdt på å kjøpe feriehus i Sverige på 214 m2 og 2 mål tomt for et par veker sidan, men fornuften seira til slutt over følslesene me klarte å få til plassen på to besøk. Det ville blitt litt i overkant av det me hadde trengt økonomisk i åra framover Det blir nok et hus der en gang, men da et lite torp - den klassiske lille røda stugan.

Me har no komme oss til Sogn i første omgang. Ein gong ut i veka etter neste helg tek me turen til Evanger, om de er heime då?!
Me avtaler sjølvsagt nærmare.

Fin sommar så lenge!! KLEM!

Anonym sa...

Hei Fru Rosa!

Kampingvogn kan bli goey. Mannen og jeg har en gammel Airstream som skal bli guesthouse ala Ralph Laurents( For en del aar siden pusset de opp fire "airstreamer" for saa og auktionere dem bort til veldedige formaal. Dersom du leter litt paa nettet saa finner du dem nok.(Flickr, polo airstreams) New York Times hadde for mange aar siden en artikkel om firmaet McKenzie and Childs airstream. Jeg vet ikke om det fremdeles er bilder av denne vognen der ute i syber space.Ellers kan jeg anbefale boken "my cool caravan" mange gode ider til flotte kampingvogner (se mycoolcaravan.com) Jeg kjoepte denne boken i gebursdagspressang til mannen.
Den engelske bloggeren fra Attic24 anskaffet seg en kampingvogn i fjor. Den skulle etter planen pusses opp men jeg har ikke fulgt med.
Lykke til!

Hilsen AG New York

Related Posts with Thumbnails