søndag 17. juli 2011

Campingvogndebut


Nokon gonger går det litt fort i svingane, her i Rosaheimen. Det er berre halvanna veke sidan eg lanserte draumen om campingvogn her på bloggen, få dagar etter at eg hadde avslørt den for min kjære. Sist sundag var me som før nevnt til Stord for å sjå på ei vogn, men denne var nok ikkje heilt det me leita etter. På veg heim derfrå stoppa me på Dale, der det stod ei campingvogn som min kjære hadde tru på. Etter ein omvisning  var eg òg overbevist, sjølv om prisen var noko over det eg hadde sett for meg at me skulle bruke. Måndag ringte me eigaren oppatt, og måndag kveld kom han og leverte den på døra. Så her er den, vår eiga Bjølseth 550, frå året 1988!


Onsdag tok me den fyrste prøveturen, opp på  fjellet Hamlagrø, som berre ligg eit par mil frå oss. Ein svært konsentrert Rosamann snirkla oss opp den smale og svingete vegen, og klokka var allereie 22.10 då me svinga oss ut på ei veglomme og stillte oss opp for natta. Sola  strakk dei siste strålane langs fjelltoppane rundt oss, og alt var stille og vakkert ved Svortatjørni, som det vesle vatnet heiter.

Eg rusla meg ein tur med kameraet når småjentene sov godt i soveposane sine, og jammen kikka månen opp over oss òg - nesten heilt full. Den spegla seg så fint i vatnet, og fekk det til å glitra som gull!


Utruleg nok sov me heilt til klokka ni neste morgon, og då var sola på plass igjen. Me kunne innta frukosten i vasskanten, og jentene hoppa frå stein til stein. Dei lurte på om ikkje me kunne bli der resten av dagen, for det var så vakkert!
Ein slik kort tur er fin til å verte litt kjend med vogna; finne ut kva me treng, små feil og manglar ved vogna, og gje ein forsmak på korleis ein bør pakke og innreie for at alt skal vere så praktisk som mogleg. Ikkje minst er det greit for han som skal geleide doningen langs små og store Vestlandsvegar at han får verte kjend med den på litt korte strekningar fyrst. Difor håpar eg på eit par småturar no dei næraste vekene, før me skal austover fyrste helga i august - MED vogn på slep.


Saman med mor mi skal eg på Stoff og Stil i nær framtid og kjøpe stoff til nye gardiner. Med litt tid vert det antakeleg nye puter også. Ikkje at dei er veldig utslitne, men dei ber jo eit visst preg av tiåret dei vart produsert - sjølv om dei er ROSA ;) Så får me sjå då, om me har campinglivet i blodet. Bilete frå vogna innvendig skal nok kome, men det får bli etterkvart.

No er den fyrste ferieveka over, og den har hatt ei klar hovudoverskrift: Sosial! Me har hatt små og store sambygdingar innom, nesten kvar einaste dag. Nokon har fått ein kaffikopp, andre har nytt medbrakt på platningen om kvelden under klarblå sommarhimmel. Utruleg kosleg, alt saman, og me har verkeleg sett pris på å ikkje ha nokon fastlagde planar å fylgje! Neste veke inneber litt meir timing, men når det er avtalar av det koslege slaget gjer det slett ingenting :) Satsar på at det vert ei meir aktiv veke på bloggen òg.

God veke!

7 kommentarer:

Noralill sa...

Gratulere så mykje som fersk campingvogn-eigar! Kjenner eg er aldri så lite missunneleg her eg sit... har nok alltid hatt ein liten draum om campinglivet eg òg.

Håpar de får mange fine stunder i vogna framover.

Klem

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Så utrulieg kjekt at de har kjøpt campingvogn!! Grattis!!
Mange muligheter for korte og lengre turar då.
Siste nr. av Bolig Pluss har reportasje om innreding av campingvogn! Tenkte på deg då eg las ho, men visste ikkje då at det var høgst aktuelt!

Gler meg til torsdag/fredag neste veke. Be bestemmer oss for ein av dagene og så får du beskjed!

Ha ei god natt! KLEM!

Annika sa...

Grattis med campingvogn! Det er nok kjekt! Eg har også litt lyst på det, men foreløpig er det ut på tur utan noko bak :)

Håper det klaffar å sjå innom på tysdag, og ja, det blir vel om Lærdal då, det har du nok rett i. Hadde glømt den ruta, men huska det no når du seier det! Nummer stemmer, og nummer notert.

God veke :)

Anonym sa...

Gratulerer til Rosa familien med campingvognen!
I tilfelle du ikke saa det saa minner jeg deg igjen paa boken My cool caravan som jeg nevnte i kommentaren under det foerste campingvogn innlegget ditt. Boken er riktig lekker med mange gode ideer.

AG

Igi sa...

Gratulerer med campingvogn! Dere kommer til å få mange flotte turer med den vogna. Mange gode minner...
Fortsatt fin ferie til deg og dine!
Klem

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Gratulerer! Bjølseth er er godt norsk og solid valg på campingfronten.
Hvor lenge blir dere østpå den augusthelga? Skal dere til Øyer og campe eller går det ann å lokke dere litt sørover langs Mjøsas fagre strender? Jeg tror kanskje lørdagen er litt vanskelig for meg, men både fredag og søndag er ledige for en kaffe-prat :)

Rosa sa...

Tusen takk for kommmentarar og tips, AG i New York! Eg såg den fyrste kommentaren òg, men kom ikkje på at eg kunne svare i ein kommentar på mitt eige innlegg ;)

Related Posts with Thumbnails