tysdag 7. juni 2011

Sydilla: Ipod-vesker og legopose

Etter sykurs i mai, eksamen i månadsskiftet og shoppingtur til m.a. Stoff og Stil sist fredag, er eg endeleg igang med syprosjekt! Då eg, mamma og jentene mine tråla den digre stoffbutikken dukka det opp  stoff og mønster som troll av øskje - eg vert jo så overinspirert når eg ser alle dei fantastiske rullane med stoff, og knallfine modellar over alt i butikken!!!


No er eg igang, sjølv om dei fyrste prosjekta ikkje var etter mønster, men litt etter eige hovud og litt etter inspirasjon frå den store bloggeverda. Eg har altså sydd to små vesker i eit nydeleg, tynt vattert stoff, som jentene mine kan ha mp3-spelarane sine i. Desse spelarane er små og søte, og har sjølvsagt lang ledning med øyrepluggar på, og er dermed ikkje så praktiske verken for mor si veske eller jentene sine lommer. Ein rose-knapp til kvar, litt silkeband frå scrappelageret mitt, og eit band som også vart kjøpt på S&S, og vips, så vart det føremålstenlege vesker som vart svært godt mottekne :)


Før veskene gjorde eg (med god hjelp frå min kjære) ferdig denne legoposen. Stoffet til denne vart kjøpt for eit par månader sidan, men eg har ikkje komme igang. Det viste seg at når eg fyrst tok fatt var det heile gjort på knapt eit par timar. Praktisk og greit, med lang snor slik at posen kan brettast heilt flatt ut når legoen skal brukast. ENDELEG kan me få samla saman alle dei små bitane som katten og jentene elskar å spreie rundt seg på kjøkkengolvet!


Ikveld har eg klypt bitar til eit nytt prosjekt, og såvidt begynt å sy. Ein kjole/tunika til minstemor står no øverst på arbeidslista, og eg trur den vert fin, når eg berre får stotra meg igjennom mønsteret ;)

2 kommentarer:

Anne sa...

Så flotte ting du har sydd:) Den legoposen virker veldig praktisk!! Kjempe lurt:) Ha en fin dag! Klem

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Så flotte ting!! Gler meg til å sjå tunikaen.

Det er kjempegøy å sy, eg gjer det alt for sjeldan. Gler meg til eg kan få meg eit hobbyrom ein gong. Har hatt planer lenge om å sy sekkestol til Linus, men det har blitt med planen.

Kos deg med sydilla!! KLEM!

PS:Jau, søstra mi bur i Sogn, nærare bestemt Gaupne i Luster.

Related Posts with Thumbnails