søndag 5. juni 2011

Supersosial solsøndag

Denne helga har me endeleg fått ein smak av sommar her vest. 2 herlege dagar med sol og varme har gjort underverk etter ca 1 mnd med samanhengande regn. Hagemøblane som me kjøpte i byrjinga av mai har endeleg vorte innvia, og idag har me ete både frukost og middag på platningen vår, med utsikt over vatnet, og elva som susar i bakgrunnen. Fantastisk deilig!

Når eg skriv frukost er det vel eigentleg mest riktig med brunch, for det vart ein veldig sein frukost. Før den tid hadde me både lyn-rydda huset, og hatt kaffigjester innom. Men å då kunne sitje der oppe på den skjerma uteplassen vår, med formiddagssola som sneik seg over tretoppane var omtrent som å vere litt på ferie.
Sidan var me ut i den fine bygda på tur, og gjekk igrunn frå den eine kaffikoppen til den andre, før me vende nasa heimatt, og fekk endå eit besøk. Det vart meir som ein liten grillfest der oppe, med 5 små og 4 store rundt borda våre. Det er så kjekt å endeleg ha nok bord og stolar til å kunne ha gjester!


Jentene kom med sommarblomar, som fekk plass i eit lite drammeglas på den gamle kjøkkenbenken. Den har fått litt ny drakt i helga, etter at me var på shopping fredag. På Stoff og Stil hadde dei voksduk i metervare, til 25 kr meteren. Det passa meg ypperleg, og eg syns det vart retteleg ljost og fint i den delen av rommet når den mørkebrune/oransje overflata vart skjult. Duken er festa med teiknestiftar og dobbeltsidig teip, slik at dersom eg nokon gong får overskudd og veldig lyst til å male kjøkkenbenken, så skal det gå an å få den av. Quickfix!!


Imorgon er det tilbake til den berømte striskjorta igjen. Det er mandag, jobb, og regn i vente. Etter ei veke, som trass eksamensstress og -mas har hatt sin sjarm med morgonar i vårt eige tempo, og heile dagar i heimen med berre mine eigne tankar og lydar. Det er utruleg godt innimellom! Eit par syprosjekt har det endåtil vorte, medan eg har venta på at mine søte små skulle finna roen i sengene sine. Dei (syprosjekta altså) kjem i eige innlegg, kanskje litt uti veka ;)


Ikveld sit eg, faktisk for aller fyrste gong sidan me bygde platningen for 3 år sidan (!) og nyt sommarkvelden med eit glas raudt, medan jentene ligg inne og søv. Det har ikkje vore mogleg før, fordi særleg Storesyster ikkje ville at me skulle vere utanfor "rope-rekkevidde" etter leggetid. Men takka vere Iphone, Ipad og walkietalkie-apps sovna ho ikveld, medan mor var ute og henta ned den siste av helgas 8 (!) klesvaskar på snora. Eit stort framsteg!

Det har rett og slett vore noko som minnar om ein aldeles perfekt dag!! Eg håpar du har hatt ei god helg, og at sol og varme har gjeve ekstra energi til å ta fatt på den nye veka!

4 kommentarer:

Anita Kristin sa...

Gratulere med ferdig eksamen. Godt med alt slikt som ein er ferdig med.

Høyres ut som ei riktig koseleg helg. Her glimrar sola og varmen med sitt fråver, dessverre.

Benken vart kjempefin, Kjekkt når ein kan gjere det enkelt og greit.

Ha ei flott veke!

Igi sa...

Gratulerer med overstått eksamen!
Benken din ble kjempe finmed voksduk på.
Deilig å kunne nyte litt voksentid av og til. Og vis jeg husker riktig ligger plattingen deres fantastisk til!
Klem

Annika sa...

Deilig med slike kveldar, og gratulerer med vel overstått eksamen :)

Her har det vore sol, men surt. I går var det nydleg, i dag er det regn igjen. Men pytt. Det har sin sjarm det også.

God veke!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Ja, visst hade vi underbart härligt väder i helgen som var. Hoppas det kommer åter snart igen! Och så härligt att kunna sitta ute och spise, speciellt när man bor så vacker som ni gör.

Hoppas du har en fin tisdag!

Related Posts with Thumbnails