onsdag 29. juni 2011

Jonsokbrur

Som eg nevnte i eit ultrakort innlegg sist veke, var årets jonsokfeiring litt spesiell for oss i Rosaheimen. Turen var nemleg komen til Storesyster - ho skulle vere jonsokbrur! Tradisjonen er slik at det er ein gut og ei jente som nettopp har gått i 1. klasse som får det ærefulle oppdraget. Storesyster vart frå seg av lukke då ho vart plukka ut, og minst like nøgd då ho fann ut at brudgommen var ein ho kjende svært godt - hennar jamngamle syskenbarn. 


Som ein kuriositet kan eg fortelje at eg også var jonsokbrur då eg var omtrent på same alder, og gifta meg med naboguten. Det eg hugsar absolutt best av heile greia er at han beit meg hardt i skuldra kvelden før bryllaupet!

Det er det lokale kvinne- og familielaget som skipar til jonsokfeiringa, og det er ein tradisjon eg håpar vil vare lenge. Det var i deira regi bunaden vart sydd for mange år sidan, med kruna som krev stor konsentrasjon å bere. Kafè, natursti og altså dette bryllaupet høyrer med til jonsokfeiringa, og det heile vert avslutta med bålbrenning ved vatnet, der våre eigne brannmenn passar nøye på at ikkje noko går over styr.

Dette året hadde eg ein plan om å invitere gode vener på grilling om kvelden, men etter ein hektisk periode gjekk eg heilt tom for krefter før me kom så langt. Men NESTE år, DÅ skal me vere sosiale ;)

5 kommentarer:

Orlaug sa...

Fint brudepar!
Fine bilder...

Igi sa...

Så koselig tradisjon!
Nydelig brudepar.
Klem

Noralill sa...

Så kjekt! Eldstejenta her har vore jonsokbrur ho òg...det er nokre år til minstedokka får sjansen, og ein fin tradisjon er det uansett...

Flott brurepar med fine bunader!

Ha ein fortsatt fin dag!

Nikoline sa...

Så fiiint eit brurepar!:0)
Det er ein koseleg tradisjon dette, her i gata vart brureparet køyrde med hest og kjerre,spelemann og det heile.
God sommar i vente!! (Eller er me slutta og håpa etterkvart?)

Anita Kristin sa...

Så flott brudepar. Vi hadde liknande tradisjonar på syftesokk, men langt i frå so flotte klede. heilt med slike tradisjonar.

Related Posts with Thumbnails