søndag 26. juni 2011

Fotballhelg og hestar

Familien er igjen i heimen, trøytte men godt nøgd etter ei helg i Eidfjord, der me for fyrste gong var med på småbanecup. Ein stor del av den vesle bygda vår og nabobygdene var på plass der, så det var mykje sosialt rundt fotballbanene og teltleiren. Tidlegare år har me vore av dei få som var att heime, og det har faktisk vore ganske kjedeleg, særleg for dei små.


Eg syns det var overveldande å komme til den vesle fjord-bygda utpå kvelden fredag, og sjå telt og bilar tett i tett over eit stort område, ungar som sprang og leika, vaksne som sat i små grupper og prata, eller gjorde seg klar til natta. Og like overveldande idag, å sjå det same området nesten tømt for folk. Då skulle eg ynskje det fanst eit kamera på eit høgt punkt oppom oss, som kunne filme heile helga, og vise i hurtigfilm korleis det eksploderte med folk og liv, aula som ei maurtue heile helga, og deretter - like brått som det oppstod - vart borte.


Vetlesyster var sjølvsagt med på tur, og med den knallgode Elias-gensaren som ein snill og flink tante har strikka haldt ho seg varm sjølv om heile laurdagen var prega av skyer og småsur vind. Ei overraskande kald natt i telt hjalp ikkje på snørr og hoste som ho har pådrege seg siste veka, og eg trur nok der var litt feber med i biletet også. Men dagen idag har vore skikkeleg varm og fin, med sol frå blå himmel. Dermed kunne mor sjølv bytte ut to lag ull med singlet og skjørt - og ei aldri så lita solforbrenning ;)

Dei fire fotballkampane for laget enda med to tap og to sigrar, og jentene byter på å vere målvakt, utespelarar og innbyttarar. Dei har det kjekt, og det er jo det aller viktigaste! Storesyster overraskar fleire gongar med innsatsen og til no ukjende ferdigheiter. Sjølv tek eg meg med skrekk og gru i å vere ei over-engasjert mor som ropar og heiar på sidelinja. Ikkje på ein hissig eller ufin måte (håpar eg!), men likevel - litt for engasjert ;) DET hadde eg aldri trudd eg skulle verte!



 Rett bortanfor teltleiren vår låg ein eigedom som me passerte i bil fyrste kvelden. Eg måtte tilbake dit med kameraet mitt, og lukka ville det slik at eg kom der akurat i det sola trilla ned bak fjella, og kun sendte strålane sine flekkvis nedover mellom fjellsidene. På denne eigedomen var det mange hestar, og om eg går 15-20 år tilbake var eg ei skikkeleg hestejente. Noko av facinasjonen sit nok att, for eg måtte berre få med meg desse stolte dyra der dei gjekk og beita innimellom trea i kveldsljoset.




No trur eg at tempoet skal gå litt ned her i heimen. Eg har framleis to veker att på jobb før eg tek ferie, men Storesyster og Rosamannen skal vere heime, og når både skule og fritidsaktivitetar no er ferdig for sommaren, må det jo verte litt rolegare veker for oss alle. Det skal verte utruleg godt!

Akurat no skal eg kravle meg til mi eiga herlege seng, utan å måtte bekymre meg for om eg eller andre frys, utan å vakne av naboen si vekkarklokke, eller å måtte trekke jentene innatt på luftmadrassa for n'te gong iløpet av natta. Trass dette - alle er samde om at det har vore ein gild tur, som me gjerne tek ein gong til!

God veke!

1 kommentar:

Orlaug sa...

Fin cup-helg, skjønar eg.
Ser ikkje heilt for meg deg som "overengasjert" på sidelinja.....

Related Posts with Thumbnails