torsdag 16. juni 2011

Evangerlaurdag!

Så er det den tida på året igjen, då me arrangerer marknadsdag i sjølvaste hjarta av bygda - Gato. Med salsboder, masse aktivitetar for små og store, kafè, og dans om kvelden er det duka for ein innhaldsrik dag. Eg sit i nemnda, og har til min store forskrekkelse oppdaga at det berre er to dagar att! Saman med ei anna dame har eg ansvar for kafèen, og det at eg hadde forslaget til vaktliste klart for eit par veker sidan hjelper lite, når eg ikkje har kontakta damene før ikveld. 


Eg fattar ikkje var dagane fòr, og sit med ei lett panisk kjensle om eg får kabalen til å gå opp, eller om eg sjølv må vere med på alle dei tre vaktene, som straff for dårleg forarbeid. Urk!
Eg håpar den gamle regelen gjeld, at det ordnar seg for snille jenter. ....og sjølvsagt, at eg har vore snill nok!

Uansett, det vert ein kjekk og livleg dag i bygda, og skulle du vere i nærleiken, så velkomen! I kafèen lovar eg at det vert både grillmat, kaker og kaffi til alle som vil ha :)

1 kommentar:

rod i hob sa...

Endelig
He eg hatt tid te å kosa meg på bloggen din :-)

Go avslapping, med mange fine innlegg. Likte godt nye "hagen" din! "Me" har visst og eitt par prosjekt... Huff...

Ha enn fine kveld :-)

Related Posts with Thumbnails