søndag 12. juni 2011

Ei bygd full av driftige damer!

Dagens innlegg er reinspikka skryt, ispedd ein god porsjon reklame. Og den kjem i ord og bilder - mange bilder! Dette har nemleg vore helga der nokre av bygda sine aller driftigaste damer har invitert til innviingsfestar - to i talet, og det i to hus attmed kvarandre. Sjølv om dette innlegget vert langt, så fylg med. Sjå iallefall på bileta! ;)
-------------------------
Patina har eg skrive om før - det er den fine interiør/bruktbutikken i bygda mi. Sist sommar opna det kafè i butikken, og såvidt eg kan bedømme er det ein kjempesuksess! Dei serverer eigenprodusert mat, laga av økologiske og/eller kortreiste råvarer, og likar du stolen du sit på kan du faktisk kjøpe den med deg. Når det vert helg spør jentene mine om ikkje me kan gå på Patina, og om ikkje dei spør, så gjer foreldra det. Ein klar favoritt!
Denne vinteren har Patina-damene (og -mennene) jobba knallhardt saman med snikkarar, røyrleggjar og elektrikar for å lage til to leiligheiter til utleige i den gamle sjøbua der dei allereie har kafè og butikk. Og denne helga var det offisiell opning, og ope hus så alle som ynskte kunne koma innom og sjå på husværa. 
Resultatet er fantastisk!! Nytt og gamalt, kvitmåla og fargeklattar, gamle møre trebjelkar mot kvite veggar. Rett og slett heilt unikt! Difor må eg berre oppmode alle der ute som treng overnatting ein stad i området Voss-Bergen om å stoppe på Evanger og tilbringe natta der. På Patinabloggen/heimesida finn du meir informasjon om plassen, tilbodet og prisane.







--------------------------------------- 

Helgas andre innviingsfest var i nabohuset til Patina, nemleg det som tradisjonelt heiter Rongahuset. På seinhausten 2010 vart det seld til ei fantastisk fargerik dame, som med kunstnarsjel og hjartevarme har innteke huset, etter at det delvis har stått tomt i fleire år. I 1. etg er det eit lokale som har vore kafè i ulike former i mange år. I si tid var det faktisk mor mi og ei anna dame som tok fram dei fine gamle tømmerveggane og fjerna x antal lag med maling, fekk lagt inn straum og vatn, og sette igang den fyrste kafèdrifta i huset. Men no, no er det altså kunstnaren Mona Nordaas som bur og arbeider her. Me fekk ei omvisning igår i mange av dei herlege små romma i huset, og eg er ikkje i tvil om at dette er rett dame for rett hus! Bileta under er kun tekne i det lokalet som har vore kafè, og som Mona sjølv hadde til bustad sist vinter. Det er som ei forundringspakke, der ein stadig oppdagar noko nytt! No gler eg meg berre til å sjå kva Mona får ut av Kunst- og kulturhuset Evangerista, som ho har kalla det!

Tema for festen var "Veggpryd og andre prydgjenstander", og Mona sjølv  agerte stålampe.  På festen elles var det både "elg i solnedgang", lysestake, klokkestreng, eit portrett frå 50-talet og klesstativ. Sjølv var eg ei prydbusk, - rose ;)





And that concludes todays blogging from Rosa Univers. Imorgon set eg meg på båten til nydelege Stavanger og Sandnes for to dagar med kursing. Det vert nok òg fine dagar.

Takk for fylgjet!

4 kommentarer:

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Fantastisk!! Gler meg til å sjå alt dette i sommar!! Skal gje deg nærmare datoer, men det vert ut i midten av juli at me kjem vestover. : )

Fortsatt fin pinse til deko!!

KLEM!!

Annika sa...

Fantastisk! Kanskje vi må legge turen innom i sommar?... Skal til Bergen, og vidare til Stavanger og Kristiansand. Skal tru om det vert veldig omveg? :)

Det er så flott med små bygder som blømer, minner meg om Brandal :)

God tur til Stavanger!

Patina-H sa...

Så flotte bileter og fine ord :) Tusen hjartans takk !
Me er klare for å ta imot herlege ferierande gjester til denne flotte bygda :)

Anita Kristin sa...

Såg veldig inspirerande ut, og flotte rom.

God kurs.

Related Posts with Thumbnails