fredag 13. mai 2011

Vakker morgon ved Vangsvatnet

Kvar morgon køyrer eg langs Vangsvatnet på veg til jobb. Veldig mange av desse morgonane vert eg slegen av kor utruleg vakkert det er når bakkar, skog og fjell speglar seg i det blikkstille vatnet, men desverre er det ikkje ofte eg har kamera med i bilen. Idag hugsa eg på det, og fekk knipsa litt. På det eine busstoppet stod det ein bil frå før, og då eg såg kven det var måtte eg berre le; der, med kamera i handa stod min gode ven og kollega Rønnaug, med akurat same tanken som meg.





No er det fredag igjen, og som Storesyster sa då ho vakna kl 6 idag: Dette er den beste dagen i veka!

Fin fredag!!

1 kommentar:

Lene K. P. W. P. sa...

Lekre bilder! Har tenkt tanken mange ganger selv, men aldri klart å få med meg kamera... Men en gang skal jeg også..! Det er fint å ha en sånn arbeidsvei med mye vakker natur hvertfall, vi er heldige :D
*klem*

Related Posts with Thumbnails