søndag 8. mai 2011

Sykurs!

Trass sol, varme og sundagsfri har eg tilbragt nesten heile dagen innandørs. Grunnen skreiv eg jo igår: Eg skulle på sykurs hjå Therese med butikken Tiljamiid. Eg tok ut stoff på torsdag, og skulle sy gensar til Vetlesyster og bukse til Storesyster.  Resultatet ser du her!




Eg må berre innrømme at eg er stolt, og nesten litt imponert over kva eg har klart å produsere idag. Det må jo tyde på ein fantastisk god kurshaldar - og det er heilt rett! Therese har ausa over oss av sin kunnskap og erfaring, og eg og sidekvinna (ja, me var berre to, grunna plutselege avbod) noterte flittig og tok til oss så mykje me klarte. Me har sydd både på våre eigne maskiner og på Therese si overlock-maskin, og er sjølvsagt über-inspirerte til vidare prosjekt.



Å sy klede av Therese sine herlege, mjuke bambus-stoff var ein fryd. Jersey-gensar med rosa apekattar til Vetlesyster (som jo er ein liten apekatt ;) ), og blomstrete cordfløyelsbukse til storesyster. Begge med ribbestrikk i alle bròt. Dermed har eg sydd i diverse former for stretch, også i kombinasjon med eit "fast" stoff, og føler eg kan leggje ut på nesten "kva som helst" med den kunnskapen eg har tileigna meg.


Storesyster var superfornøyd, og poserte villig. Vetlesyster var ikkje fullt så villig, og påsto at ho ikkje likte apekattar og iallefall ikkje skulle gå med den i barnehagen i morgon! Tida får vise om ho vert apekatt både inni og utanpå imorgon ;)

No er eg jammensanten trøytt igjen, og satsar på ein tidleg kveld som god start på ei ny veke! Det håpar eg du òg får!

6 kommentarer:

Trollkåno sa...

Flott resultat!
Du har all grunn til å vere stolt......lukke til vidare!

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Herlige plagg!! Ingenting er bedre enn et kurs der man virkelig lærer noe. Så da er det bare å skaffe seg en overlock-maskin da, og sette i gang produksjonen?!

Tenker den lille apekatten ombestemmer seg med hensyn til genseren, så flott som den var.

Tusen takk for flott melding inne hos meg. Jau, litt lei sjukdom no. Har egentlig vore bra lenge, bortsett fra migrenen, men så slår vårforkjølelsen til samtidig som korsryggen trøbler seg til. Godt med familie då!!

Ha ein strålande mandag!! KLEM!

Rønnaug S. sa...

WOW!!!! Noe så fint!! Du har bevist at du kan fortsette med dette, også!!!

Neste gang kan det være jeg vil lure meg med... Må i alle fall komme meg innom Tiljamid ganske snart :)

igi sa...

Så flott det ble! Nydelig modell du har :-)
Klem

Henriette sa...

Så flink du er!!!! Eg er kjempeimponert,og aldri så lite misunneleg;) Tenk å få gå på sykurs, og så berre vera to stk, då snakkar me om personleg oppfylgjing! ( og det måtte eg hatt om eg skulle få til noko som helst;)

Takk for koselege ord:)Eg håpar bloggelysta held seg på plass vidare, for det er jo ganske så koseleg i bloglandia;)

Therese W sa...

Så kjekt med et så fint innlegg i bloggen din....dere var kjempeflinke elever ;)...håper eg inspirert til videre sying....bare stikk innom for tips og litt skravling....
Ha en fortsatt fin dag...

Mvh Therese

Related Posts with Thumbnails