søndag 22. mai 2011

Smykkeoppheng

Eg er ikkje ei slik dame som står på badet ein halvtime kvar morgon, eller pyntar meg med sminke og smykker kvar einaste dag. Samtidig merkar eg at etter eit år på lavkarbo, med påfylgjande vektreduksjon, så syns eg det er mykje kjekkare å pynta meg enn eg gjorde før. Eg har aldri tenkt at eg har så veldig mange smykker heller, men plutseleg innsåg eg at loppefunnet mitt som har fungert som smykketre i snart 3 år hadde vorte for lite. Dei fleste smykka låg i ein klase i vindauga på badet, og var igrunn lite dekorative, og umoglege å nøste ifrå kvarandre. 


Så har eg fundert litt på kva eg skulle bruke til smykkeoppheng. På loftet har eg gamle hyller/oppheng for kjøkkenhandkle, men eg visste ikkje heilt om dei ville vere det rette. Eg har vurdert "staur"/kvistar frå skogen, eller å kjøpe trollhassehl i ein butikk. Men idag gjekk det opp for meg kva eg skulle gjere!


Til 30-årsdagen min ifjor haust fekk eg (og kanskje eg eigentleg deler den med mannen?) nemleg eit nydeleg hjarta, meint for å henge opp bilder og kort. Den har hatt sin plass på kjøkkenveggen, men eg har ikkje heilt følt at den kom til sin rett der. Det syns eg den gjer no; Ein krok i tak-lista, og god gammaldags gøtt ned til festet i hjarta, og så var det berre å fylle på med smykker, øyredobbar og armband. Heldigvis har eg ikkje så mykje at det vart overfyllt, men akurat passe, slik at den både dekorerer litt, og skapar god oversikt og tilgang når pyntelysta er der.


Det gamle "smykketreet" (som vel eigentleg er ein slags lyktestolpe-imitasjon(?)) gjer framleis nytten, men no er det jentene sine smykker som heng der. Akurat passe!

9 kommentarer:

Ida Marie sa...

Lurt og fint på ein og same gong, ikkje verst berre det ;)

Linda sa...

kjempestilig!! eg er på leiting etter slikt og, men det er dårleg med sånnt her.. kanskje eg må på loppemarked??;)

Lene K. P. W. P. sa...

Så smart, har bare tenkt på den som kort-holder, jeg.. Du kan jo putte (les: sy) noe stoff på baksiden av den om du ønsker endringer igjen ;)

Orlaug sa...

Stilig!
So lurt å bruke det slik......

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Smartingen. Dette ble jo berre lekkert!

igi sa...

Så lurt! Veldig dekorativt!
Klem

Anne sa...

Lurt ! dekorativt og praktisk ! Ha en fin kveld. Klem

Henriette sa...

Så fint det vart. Gjenbruk er jammen lurt;)

Du er sjølvsagt velkommen til å ligge i blaut i løvefotbadekaret, imens lagar eg ein kopp kaffi me kan nyta på balkongen medan sola går ned over Betlehem;)

Ha ei flott veke.
Klem:0)

rod i hob sa...

Du å du :-)

Eg har endelig tørka støv av pc'en :-)

Så masse som har skjedd hos deg! DIGGE bildet ditt frå NY. Knalltøft!

Ha en kjempeflotte kveld! Tenk at det nærme seg helg igjen....!

Related Posts with Thumbnails