søndag 8. mai 2011

Nymåne, ny månad

Mai har innhenta oss, med fleire vakre vårdagar, faktisk så fine at ein kunne tru det var sommaren som hadde kome litt tidleg dette året. Dagen idag har ikkje vore noko unntak, og me har stort sett tilbragt den ute i sola og varmen. Etter ein dag med ymse arbeid var heller ikkje feil å avslutte med grillmat og ein gjeng kjekke gutar på besøk.

Bloggeinspirasjonen lir visst av litt vårslappheit for tida, men eg håpar at overskuddet kjem over meg igjen snart!

No er eg trøytt, men mest av alt spent på morgondagen! Då skal eg nemleg på sykurs hjå den fantastisk flinke Therese - Tiljamiid. Litt irriterande at eg pga eit speleoppdrag med korpset på morgonkvisten går glipp av den fyrste halvtimen, men når det kjem  17 halvtimar til av kurset, så håpar eg likevel at eg skal få med meg det eg treng. Planen er å sy ein gensar til Vetlesyster og ei bukse til Storesyster, og stoffa tok eg ut på butikken til Therese torsdag. Eg gler meg!!

Med eit bilete av den vakre månen som skin over bygda i kveld seier eg god natt!

1 kommentar:

igi sa...

Så spennende med sykurs! Gleder meg til å se de du lager.
Klem

Related Posts with Thumbnails