søndag 15. mai 2011

Nye hagemøblar

Den sommaren Storesyster vart fødd kjøpte eg og Rosamannen våre fyrste hagemøblar. Eit rundt bord og stolar - akurat passe stort til to. Men no er me fire, og syns i tillegg det er veldig kjekt å kunne invitere nokon på middag eller berre ein kaffikopp der oppe på platningen vår. Det har ikkje mangla golvplass, men definitivt bord- og sitjeplassar. Igår fekk me gjort noko med det, og investerte i eit stort bord og fire regulerbare stolar. Stolputer måtte me ha, og sjølv om dei ikkje vart heilt slik eg hadde drøymt om er det jo fint med lilla òg ;)


Dei fine airdondeck-stolane mine står òg der oppe, og er herlege å sitte i når ein vil slappe av litt. Det triste er at malingen skalar av dei, så dei ikkje er fullt så fine lenger. Men med puter eller teppe i går det jo bra. Den gamle benken du ser på venstre sida kjøpte eg på garasjesalg for eit par år sidan, og den har fungert som avlastningsbord når me har ete middag ved "det runde bord" dei siste somrane.


Ikkje før hadde me fått sett ihop møblane, teke ut puter og tepper, og plassert blømande hegg på bordet, før dei fyrste regndråpane kom. Då var det ei lukka med ny putekasse som alt kunne leggjast i, istadenfor å drakse alt med seg i hus igjen. Det fyrste grillmåltidet med nye møblar får me utsetje til sola kjem att.


Idag har både eg og Rosamannen sove godt frampå - det er så godt når jentene etterkvart kan styre på ei stund sjølve, utan at dei verken svelt ihel eller riv ned huset (sjølv om eg av og til kan lure på det siste ;) ). Og om ei lita stund skal me endeleg ta turen på besøk til den vesle karen som vart fødd for vel ein mnd sidan. Eg gler meg til å helsa på dei igjen!


God sundag!

4 kommentarer:

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Tenk, i går kjøpte vi nye utemøbler også :)

Trollkåno sa...

So fine møblar på platningen!
Gler meg til å drikke kaffi der.........
God sundagstur!

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Gratulerer med nye hagemøbler!! Ser ut som ein flott plass de har der. Alltid artig når ein har kjøpt nokon nye STORE ting!! Vi kjøpte tripp,trapp stol og trille til Linus denne veka - på høg tid begge delar, og veldig kjekt!!

Fortsatt fin søndag! KLEM!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Så härligt med bra plats för att båda umgås och slappa. :-)

Önskar dig en riktigt fin 17 maj!

Related Posts with Thumbnails