tysdag 17. mai 2011

Nasjonaldagstankar

".....det er Norge i rødt, hvitt og blått."

Beina ligg høgt, eit glas med raudt står på flygelet ved sida av meg, og den siste timen har eg laga fotomontasje av bunadskledde jenter; Nasjonaldagen har kome og gått. 

Det slo meg både igår kveld og idag, kor forskjellig me eigentleg feirar denne dagen. Ikkje berre folk ulike stader i landet, men også folk her i mi eiga bygd. Sjølv er eg oppvaksen med "korpslivets gleder" denne dagen. Så lenge eg kan hugse (som tydelegvis er omtrent 1987/88) har eg vore med og spelt i musikklaget i bygda, slik far og 2 eldre brødre gjorde. Dagen har starta med speling for dei på aldersheimen kl 9, og sidan har det gått slag i slag, med folketog i både 3 og 4 grender opp gjennom åra. Slik er det endå, sjølv om timeplanen har hatt nokre justeringar gjennom tida, slik at også musikantane kunne avslutta dagen med bordsete og underhaldning til liks med resten av bygda. Når samlinga i grendahuset er avslutta har me dei siste åra vore hjå foreldra mine, fått heimelaga potetsalat og vossadravle, m.a.
Men så var det dette med dei andre, då. Eg skjøna plutseleg at nokon faktisk har den vanen å sove til langt på dag, før dei kler på seg bunadar og startar dagen med folketog. Folketog hjå oss inneber forresten at alle er med og går i toget - ingen står og ser på, for om alle skulle gjere det ville jo musikklaget gått der åleine (slik me faktisk gjorde dei siste metrane av dagens marsj, då regnet hølja ned og folk trakk inn i bilane istadenfor å fylgje oss til stoppestaden. Ei litt sær oppleving! (som me tok med stor humor) ) Den siste nytilflytta til bygda, som har vorte ei god veninne, undra seg over dette. Ho hadde alltid stått og sett på 17. mai-toget - ikkje gått i det sjølv. Tanken må inrømmast å vere ganske fjern :) Eg har forresten prøvd det ein gong, då eg og Rosamannen for 10 år sidan budde i Stavanger. Det er den einaste nasjonaldagen me ikkje har spelt i korps, og utan mål og meining havna me i Bjergstedparken, der det var "alternativ" nasjonaldagsfeiring, eller internasjonal sådan, om du vil. Deretter traska me inn for å sjå på folketoget, kjøpte oss ein kebab, og vende tilbake til den litt mørke og triste leiligheita. Ikkje ein av dei mest nasjonalromantiske dagane, kan du trygt sei!
Så har du dei som helst sit heime og ser barnetog og andre tog på TV, eller dei som har grilling med naboane til avslutning på dagen. Mest "i skuddet" i desse dagar er kanskje 17.mai-frukostar med familie og/eller vener? Nokon vil ha dravle, andre rømmegraut (om enn ikkje til frukost), mens endå andre ikkje kan klare seg utan bløtkake. Og for borna: pølse, is og brus!!


Ein felles merkedag, med så mange felles tradisjonar, og likevel så mange ulikskapar - sjølvsagt mange mange fleire enn dei eg har nevnt her. Det fine med nasjonaldagen, i tillegg til dei reint historiske fakta om grunnlov og slikt, er at istadenfor å vise fram militærparadar og våpen, så viser me fram borna. DET er verkeleg verd å ta vare på!! I den tradisjonen viser eg no fram mine eigne hurrajenter, som har hatt ein strålande dag. Detaljar som at bunadane, trass godt førearbeid, likevel ikkje passa, treng me ikkje henge oss opp i. Me har trass alt sikkerheitsnåler!! 



Håpar du hadde ein fin nasjonaldag der du var! Til lukka med dagen som har gått, og god veke vidare!

7 kommentarer:

Lene sa...

Hei du natterangleren! Takk for omtala ;) Må bare skyte inn at jeg ikke ALLTID har stått å sett på toget altså.. Gikk jo selv i tog helt til jeg var ferdig på høyskolen faktisk (for vi synes det var litt trist å ikke få gå i tog, så klassen vår laga egen fane og gikk sist i toget i kongsberg). Mye kjekkere å gå i tog enn å stå å se på! Men sånn jeg trodde det var (inni mitt lille hode) helt til det ble motbevist igår var at alle sambygdingene sto langs veien fra gato og opp til aldersheimen, sånn spredt langs ruta liksom, og etter at toget hadde passert, så slutta alle seg til toget slik at toget tok med seg alle de passerte, og at alle gikk samla ned til gato igjen. Jeg fikk forrsten fryktelig dårlig samvittighet når jeg skjønte hvor ille dere tok det at folk ikke fulgte helt inn i gato, for dere kunne jo ikke bryte ut sånn som alle andre gjorde (pga regnværet). Håper på mye bedre vær til neste 17. mai, og jeg lover å følge helt inn i gato igjen! mange klemmer fra meg

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Hei, hei og vel overstått 17.mai feiring!! Høyres ut som ein fin og tradisjonsrik feiring!

Korps har eg aldri spelt i, men eg var stand in for ein midt i rekka ein gong, slik at det skulle verta lettare å marsjere på 17.mai. Trur no ikkje det vart spesielt lettare å gå etter meg som gjekk i utakt når det vart for vanskeleg å gå i takt.
Men eg saknar 17.mai på bygda, med rømmegraut og spekemat. Heime på Eikanger og hos systra mi i Sogn er det heilt anna feiring enn her. Pluss at ein kjenner så mange fleire. Men me hadde ein fin dag i går,for all del, og det er vel berre å innsjå at bygdefeiring på 17. mai høyrer fortida til. Kanskje vert det ei feiring hos systra mi om et par år.

Kjempeflotte jenter i bunad!! Vossabunad?!
KLEM!!

Trollkåno sa...

Takk for i går.....flott innlegg og fine jenter!!!

Rønnaug S. sa...

Stilige hurrajenter. Hoppinga gjorde seg, den. Og sannelig kan en undre seg litt over de forkjellige skikkene. Det er nå faktisk litt artig å gå i toget. Blir slett ikke det samme å være tilskuer :)

Får se om jeg ikke kan få "montert" våre unger også. Hvis jeg finner ut hvordan jeg kan få dem ut av telefonen til gubbeluren ;)

FotoLiv sa...

Dette var artig å lesa om. Eg har framleis som prinsipp å gå i toget etter korpset som me er så heldige å få låna frå Stamnes. Me går heilt fram til kyrkja, over hengebrua med hest, rosaruss, og korps i front. Ristinga, sjanglinga og hylna vert verre etter lenger bak ein kjem i toget for då har brua fått sving på seg!

Anne sa...

Fint innlegg og fine bilder :)

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Hei!
Ja, det er eg som er avbilda i bunad og med rufsete
hår: )
Har vært et par bilder av meg i andre anledninger, men ikkje mange. Ett i en maisåker i fjor i august, blant anna!!

: )

Related Posts with Thumbnails