fredag 20. mai 2011

Manhattan skyline - i stova mi

Dei som har fylgd meg ei stund hugsar kanskje at eg og Rosamannen hadde ein fantastisk tur til New York ifjor vår. 10 dagar på Manhattan var som ein draum, og medan min kjære var student tråla eg gatene opp og ned. Den eine dagen var eg med han på skulen - Stevens Institute of Technology, som ligg i Jersey. Derifrå hadde me ein fantastisk utsikt inn over nedre Manhattan, særleg i morgonljoset. 


Eit av bileta derifrå har eg hatt som skrivebordsbakgrunn på PC'en min det siste året. Planen har vore å få printa biletet på lerret i panoramaformat. No har eg endeleg fått det gjort! Sist veke tikka det inn eit tilbud frå Eurofoto, med halv pris på lerretsbilder. Eg måtte sjølvsagt berre få ut fingeren og få det gjort, og idag kom det i posten - 40x90 cm stort, på 4 cm ramme.


Bileta yter ikkje resultatet full rettferd, for det tek seg verkeleg godt ut der det heng! (sjølv om eg syns det er litt langt oppe. Me brukte oppatt spikaren frå biletet som hang der, men eg trur eg må snakke med sjefs-opphengaren om å få flytta det litt)


Og sjølvsagt er det ekstra stas at eg har teke biletet sjølv! No gjenstår det berre å få laga den fotoboka eg begynte på hos Japanphoto (fekk eit gåvekort saman med det nye kameraet mitt til jol) med resten av bileta frå den fantastiske turen!


God helg!

6 kommentarer:

Henriette sa...

Kjempeflott vart det!!!!

Eg har ein del bilete som skal over på lerret og hengast opp, nokre heime og nokre på hytta - når eg berre kjem så langt.....
Må få rydda i bileta både på harddisk og i pappesker før Oktober, er redd det vert mindre tid til slikt då;)

Ha ei fortsatt flott helg:0)

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Dette ble flott. Ekstra moro at det er eget bilde :)
God helg. Håper du har fått noe rødt i glasset...

igi sa...

Så flott det ble! Skulle gjerne besøkt NY *sukk*...
Ønsker deg og dine en flott helg!
Klem

Trollkåno sa...

Ååå,so flott det vart!
Grattis!

Annika sa...

Smeis, så flott det var!!!
God helg til deg og dine :)

Lene K. P. W. P. sa...

wow! Så flott det ble! Og passa veldig godt inn! Alltid kjekt å ha sine egne bilder på veggen ;)

Related Posts with Thumbnails