tysdag 10. mai 2011

Juliet

I mangel av lekre interiørbilder får det bli eit nytt skryteinnlegg herifrå. For sjølv om huset idag er såpass på stell at det let seg avbilde, så føler eg ikkje her er så mykje å vise fram for tida. Oppussinga står "på stedet, hvil", utan å bere preg av dei tusen planane som flagrar rundt i toppen. Bortimot det same gjeld hagen, sjølv om eg igår planta ut løkane av dei små påskeliljene og kanskje-snøklokkene eg kjøpte før påske. Naboen har gjort dette med hell tidlegare, så no tenkte eg å gjere eit forsøk, eg òg.
                                                           

Men no til dagens skryt; Møt Juliet! Denne vesten har eg strikka heilt sjølv, etter eit mønster eg fekk tilsendt av mi fantastisk strikkeflinke kusine i Rotterdam. Ho hadde strikka den til femåringen sin, og eg tenkte at det der måtte jo eg òg klare. Men då  mailen kom innså eg til min skrekk at mønsteret var på engelsk, og størrelsane var for vaksne! Saka med størrelsane ordna seg med eit par tips frå Linda, og etter å ha googla meg fram til ei engelsk-norsk strikke-ordliste sette eg igang med liv og lyst. Mor mi, som er ein erfaren strikkar prøvde så godt ho kunne å skjule sin skepsis til korleis dette skulle gå.


Fakta er at det gjekk som ein leik! Når eg skumma oppskrifta vart eg skrekkslagen, men når eg tok det steg for steg, ord for ord, så skjønte eg faktisk alt saman - heilt sjølv! Så her er Juliet, i ein størrelse som passar sånn ca til Vetlesyster. Dvs at ho har litt å vekse i, og det passar jo alltid godt.
Når alt dette er sagt, så begynte eg med det same på neste Juliet, denne gongen til Storesyster. Eg strikka så langt ribbestrikken gjekk, men då eg skulle ta til på mønsteret fekk eg det slett ikkje til å passe. Eg, som ALDRI rekkjer oppatt, men diktar litt her og der for å få det som eg vil, strikka og rekte oppatt 3 gonger i overgangen frå ribbestrikk til mønster. Så tok tålmodet slutt, og heile prosjektet vart redusert til 3 garnnøster og ein rundpinne. No har eg lagt opp på nytt, og håpar at eg kanskje kan ha betre lukke med meg denne gongen, og at kanskje Storesyster kan få vesten sin iløpet av sommaren.


Heilt til slutt eit bilete av den fiiiine utsikta mi, som eg aldri vert lei. Det er så mykje vakkert fargespel over himmelen her om ettermiddagane og kveldane, og denne var ikkje noko unntak. med skodde over vatnet og eit gyldent skydekke syns eg det var verd eit bilete. Eller 10.

Tudelu!

4 kommentarer:

Trollkåno sa...

Flott vest!
Jau, eg innrømmer det:Eg var skeptisk....syntest det såg uoverkommeleg ut....på engelsk og greier. Sjølvsagt er dine engelsk-kunnskapar mange,mange hakk bedre enn mine.........men eg er imponert uansett.

Ingrid sa...

Den vart fin.
Skulle ønskje at eg kunne strikke etter engelsk oppskrift for det er så mange fine mønster som er på engelsk.

Annika sa...

Imponert! Kjempeflott! Eg har ikkje tolmod til slikt eg!

Og utsikta dykkar, den trur eg er som her, eg blir heller aldri lei, og fargespelet på himmelen over sjøen og fjella er alltid like fascinerande. Vi er heldige som har slik utsikt!

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Så flott. Jeg er imponert. Men jeg vet jo at du er full av kreative og flinke gener, så overrasket er jeg ikke.

Den utsikten går ikke ann å bli lei. Helt nydelig.

Related Posts with Thumbnails