torsdag 26. mai 2011

Grafisk arbeid: Vossakyrkjemessa 2011

Som eg har skrive om fleire gongar før er eg så fantastisk heldig at eg får gjere eindel grafisk arbeid i jobbsamanheng. Ein av dei årlege hendingane eg utformar trykksaker til er Vossakyrkjemessa. Den føregår i Vangskyrkja, og er ei markering tilknytta vigslingsdagen for kyrkja i 1277. Denne dagen var faktisk så viktig at den var avmerka i primstaven med teiknet som er brukt øverst på plakaten. Dette symbolet har eg rekonstruert etter eit bilde/ein kopi av ganske dårleg kvalitet.

Årets tema er "Ung i kyrkja", og då tenkte eg plakaten (og dei andre trykksakene; program, annonse, billettar og flygarar) måtte vere litt sprek. Eit bilete av det lokale tensing-koret Refleks vart bearbeidd i photoshop, og gjort om til det som på fint heiter popart. Om du er i Vossebygda er det vel verd å ta turen på konsert i Vangskyrkja fredag kveld kl 19.00, der mange unge talent spelar og syng. Solistar, små ensemble og to kor, som representerer heile Hardanger og Voss. Laurdag er det seminar om ungdom og nettbruk, og sundag er det "ung messe" (gudsteneste tilrettelagt av og med ungdom, men som er for alle). Meir om Vossakyrkjemessa kan du lese her.


Sjølv skal eg nytte helga til eksamen! Eg skal prøve å vise at eg faktisk har lært noko iløpet av dei tre studievekene mine gjennom det siste knappe året, og oppgåva kjem på epost imorgon kl 12. Mann og barn skal reise vekk og gjere litt dugnadsarbeid, så eg og pusen skal styre heime, og prøve å få "krota ned" noko fornuftig om organisasjonar og leiing, på generellt grunnlag, og i kyrkja spesielt. Det er 8 år sidan sist eg hadde ein eksamen, så dette kan verte spanande!

Håpar du får ei super helg!

2 kommentarer:

Orlaug sa...

Flott arbeid du har gjort der..og lukke til med eksamen!!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Så flott!

Lycka till med examen, och ha en fin helg!

Related Posts with Thumbnails