søndag 10. april 2011

Sundag + sol!!

Idag har vore ein fantastisk vakker dag her vest! Sola har komme fram bak eit lett skydekke med jamne mellomrom, og temperaturen gjorde det fullt mogleg å sitje i hagen utan jakke, og nyte ein kopp kaffi saman med gode sambygdingar. Ein slik dag førte med seg uant inspirasjon, og etter ein betre frukost gjekk eg med liv og lyst igang med vår-rydding i hagen. 


 Det aller meste av snøen er utruleg nok vekke no(!), og mykje rusk og rot har dukka fram. Noko av den vesle grusvegen vår hadde vatnet for eit par veker greve vekk, så den måtte berast på plass igjen.


Jentene har sprunge og sykla ute i lette jakker, og inne-pusen vår har leikt ekorn i trea rundt hagen.


Stor var dessutan gleda då eg såg at krokusane mine har byrja å spire, og det samme gjorde tulipanane i blomsterbedet på framsida av huset. Desse har eg planta opp i potter idag, for eg har ein plan med det bedet, som eg skal kome tilbake til.


I ettermiddag var det kosleg bursdagsfeiring for yngste bror min som har vore heime i helga, og nesten heile familien har vore samla til nydeleg mat heime hjå mor. Me er så takknemlege for desse kjekke samlingane med små og store, og ekstra befriande no når våre også er store nok til å sitje ved "barne-bordet" utan tilsyn, og kan springe rundt utan gjetar.
Så er det berre å manne seg opp til ei ny veke, med møter, mini-konsert, mannen sin bursdag, og så plutseleg palmehelg. Eg håpar på ei veke med sol, for slike dagar som idag vil eg GJERNE ha fleire av!

God veke til deg!

5 kommentarer:

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Ja, visst har vi haft helt fantastiskt väder. Så skönt att våren är här igen.

Koselig med familjesamling. Ett riktigt fint avslut på veckan. :-)

Ha det gott!

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Høyrtes ut som ein kjekk dag. Eg gler meg til påske på Vestlandet, for der er nok våren kome enno litt lenger enn her.

He ei flott veke! KLEM!

rod i hob sa...

Så deilig dette hørrest ut!!

Her slite me med øyreverkt! VELDIG lite kjekt, å veldig lite å gjera med.. Har våre heime frå barnehage og jobb - å det syns eg e litt slitsomt... Håpa virkelig me kan gå i morgon! (Sjølv om svigermor har våre her i dag, å gitt utrykk for at ho bør væra heime... Typisk!) Ja, ja -me får sjå koss dagen begynnar i morgon!!

Ha en fin kveld!!

rod i hob sa...

Bokstavane eg sku bruka til å "bekrefte" med var

Sytie

Akkurat som eg følar meg. Passa godt. Eg er gretten og sytete for tia!!

Millie-Moi sa...

Så koselig frokostbord :) Og flotte vårbilder!
Ha en fin kveld!
Klem fra Camilla

Related Posts with Thumbnails