onsdag 20. april 2011

"Nytt" blomsterbed på gang, tips mottas med takk!

Framfor trappa mi har eg eit langt og smalt blomsterbed, som har vore der sidan "tidenes morgon". Men, jordsmonnet er dårleg, berre leire, og det er kun dei standhaftige gamle plantane som trivst der. Det eg har prøvd å plante nytt har aldri heilt funne seg til rette, og har vorte utmanøvrert av ugraset rimeleg kjapt.


Men no er det nok! Sist veke starta eg arbeidet med å grave vekk leirjorda, og har tenkt å erstatte den med ny og frisk jord. Deretter skal det sjølvsagt plantast nytt i bedet. Problemet er berre å finne ut kva eg skal plante? Det finst jo så enormt mykje å velje i! Eg trur eg ynskjer meg for det meste stauder, og gjerne med litt ulik blomstringssesong, slik at bedet "fornyar" seg sjølv gjennom sommaren. Eg tenkjer òg at det kunne vere fint med noko som klatrar oppover den stygge muren, gjerne delvis dekka med espaljer (eller korleis det no skrivast), og at blomane ellers har litt ulik høgd. Bedet er ganske solrikt, så med godt jordsmonn antar eg at det skal vere gode vekstvilkår her. Og det er ingen stor hemmelegheit: eg elskar alt som går i rosa/blå/lilla tonar (men er òg open for andre innspel).


Dermed går utfordringa ut i bloggverda: Har du tips til kva jord eg bør fylle bedet med, og ikkje minst kva plantar eg skal anskaffe, så vert eg superglad!


Idag reiste me til svigers, og eg kan fortelje at på ein knapp times køyring er det utruleg stor forskjel i kor langt våren er komen! Nokre bilete har det vorte, men dei har foreløpig ikkje funne vegen inn på PC'en.

Håpar du nyt vår og påskedagar!

4 kommentarer:

igi sa...

HVis du vil ha stauder ville jeg gått for en geranium. De kan du få i alle størrelser og farger. De er veldig lettstelte klarer seg nesten selv.
God påske.
Klem

Noralill sa...

Eg har kanskje ikkje så mange gode tips, men det finnes mange typar buskar som er kjekke og både blømer og klarar seg fint sjølv...

Ynskjer deg og dine ei riktig god påske!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

När det gäller jord vet jag inte mycket... Möjliga blommor....en klätterros kanske? Lavendel? Du kommer nog fram till noe väldigt fint.

Önskar dig en God Påske!

Astridmor ;) sa...

Hei åslaug =) Mitt tips er klematis i mørk lilla og blekrosa klatreroser (gjerne fylte/doble roser) i espalie oppover veggen ;) Fiiin kombinasjon. Då må du finne noe lavt lilla/rosa/hvit foran... Anbefaler å "jukse" med "hull"-slange nedgravd i bedet - med tilkoblingsmulighet for slange - så er det enklere å holde det fuktig der.

Related Posts with Thumbnails