tysdag 26. april 2011

Meir påske, takk!

Påska har vore vidunderleg! Herlege vårdagar med sol og varme, tid til besøk, hagearbeid, heimekos og lange frukostar. Både små og store syns det var kjedeleg å tenke på kor tidleg me måtte opp idag, når kvardagen kom tilbake. Men utruleg nok gjekk også det bra!

Iløpet av påska var me hjå svigers, og fekk med oss ein liten dugnad i hagen til den nybakte huseigar-svigerinna mi. Storesyster viste uante krefter då ho lempa stokkane over gjerdet, og koste seg med arbeidet. Det vart også ein fjelltur til ein gamal støl, der deler av dei karakteristiske steinbygningane framleis står. Hjorten hadde gått hardt til angrep på eindel av trea, og med eit snitt som ein handverkar kan misunne dei hadde dei gnege av barken. Dei stakkars trea overlever vel ikkje utan...(?), men det gjekk vel til eit godt føremål ;)


Det fantastiske vårvèret har gjort underverk for hagen og naturen elles, og jammen fortset det ikkje heile denne veka også, om me skal tru dei som har greie på det. Difor vedtok eg i helga å utvide påska med ei veke. Vedtaket hadde diverre ikkje den heilt store legitimiteten....

1 kommentar:

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Ja ja ja!!! Vi satsar på en längre påske. Minst en vecka till. :-)
Visst är det helt underbart härligt med sol och värme, hoppas det fortsätter länge.

Ha det gott!

Related Posts with Thumbnails