fredag 29. april 2011

Fotballsesongen er igang!

...og med det er Storesyster vorten fotballspelar. Jenta var superspent, og saman med dei andre 1. klassejentene (og nokre gutar) la ho inn full innsats i jakta på den runde kula. Mor stod på sidelinja, og prøvde å vere engasjert (men ikkje FOR engasjert, sjølvsagt ;) )


Utan å utbrodere for mykje kan eg seie at eg har eit svært anstrengt forhold til fotball, og kvar einaste fiber i kroppen strittar imot at det skal gå to kveldar i veka + x antal helger med til denne aktiviteten i overskueleg framtid. Men sjølvsagt, når det er dette jenta vil (fordi "alle dei andre" gjer det), så støtter me opp så godt me kan. Idag hadde dei ein knapp times trening, laurdag er det lokal cup, mot lag som har trena minst halve vinteren. Det kan jo verte interessant ;)

Men kul var ho iallefall, jenta med lysande kvite fotballsko og knallgul gensar!
Posted by Picasa

6 kommentarer:

Trollkåno sa...

Veit ikkje heilt om eg skal gratulera, eller?
Jenta var iallfall knalltøff!
Kos deko på fotballcup i finvèret!

rod i hob sa...

He he -ja, fotball e ikkje min ting heller :-) Men det blir vel heilt anna når det er di eiga jente som speler.....

Her går det i oppussing... er ikkje lei enn gong. Bare nyter å sjå andre folk jera jobben for oss... Å du kan TRU at det blir bra!!

God 1.mai helg!!

Trollkåno sa...

Veit ikkje heilt om skal gratulera, eller?
Jenta var iallfall knalltøff!
Lukke til på cup'en i morgon......og ta gjerne ein tur innom på "min" cup!
God helg!

igi sa...

Fotball er ikke min favoritt heller. Men det er rart hvor ivrig en blir når det er barna som spiller:-)
Klem

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Så fin ho er!! Har to nieser som har spela fotball i mange år, men dei har begge gitt seg i løpet av ungdomskulen. Kanskje ikkje noko trøyst, når jenta di berre går i 1.klasse?!
Har også litt noia for at Linus skal begynne på fotball om 4 år. Pappan vil heller ha han inn på ishockey, så jeg vet ikke hva som er verst og best jeg. Jeg holder en knapp på speideren eller turn...men det er klart skal ha bli poppis blant kompisene, så så må han spille fotball i tillegg. Akk ja, den tid den sorg(?).

Ha en fortsatt fin helg!!

Og, ja - vi prioriterer absolutt en tur til bygda di i sommer. Blir en fin dagstur det: )

KLEM!

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Hehe, endelig noen i Styvefamilien som liker fotball. Blir spennede om eple har falt langt fra stammen, om denne karriera blir kort og om hun blir korpsmusikant denne frøkna også :)

Related Posts with Thumbnails