måndag 4. april 2011

Follow that bus!! (Om uflaks, flaks og Verdens Ende)

Det har vore nok ei stille veke på bloggen. Alle gode intensjonar og planar til trass - det vart ikkje noko vår-innlegg frå Tjøme. For det fyrste så var ikkje våren der, og for det andre så var det så lange dagar med forelesningar, etterfylgd av kveldar i så godt selskap at det slett ikkje lot seg prioritere å sitte med PC på rommet. Og det er vel igrunn eit godt teikn!


Det fyrste biletet er av Rosa sjølv, som svevar gjennom lufta i det såkalla Heksespranget. Ein sele på kroppen, ein krok i nakken, og ut på trinsa som gjekk frå ein bergnabb til ein annan. Utruleg spennande og morro, og ein av svært få sjangsar til å fly som fuglen. Derav armar og bein i alle retningar ;)

Resten av bileta er frå ein svipptur til Verdens Ende, midt i veka. Der ute var det tilnærma vår, og sjølv om det bles ein sur vind var det utruleg vakkert!
Veka gjekk frykteleg fort, og sjølv om eg sakna mine kjære der heime storkosa eg meg, og syns det er vemodig at dette var siste samling med den fine gjengen. Fredag reiste eg inn til Oslo, og hadde ein koseleg kveld hjå ei god veninne eg ser alt for sjeldan.

Laurdag var det omsider tid for heimreise, og toget skulle gå kl 11.07. Dvs buss for tog, sidan NSB køyrde vedlikehald langs heile Bergensbanen akurat denne helga. Eg reiste frå veninna mi i god tid, og fekk tid til ein meget effektiv handlerunde for å framskaffe reisegåver til dei heime, og eit par ting til meg sjølv. Eit kvarter før tog-bussen skulle gå tusla eg inn på stasjonen, glad og fornøyd. Men noko var gale... på tavla med avgangstider for fjerntrafikk stod det ingenting om Bergen. Eg sjekka ein gong til, men nei. Så sjekka eg kvitteringsmeldinga eg hadde fått på mobilen då eg bestillte, og hjarta sokk i brystet: Bussen min skulle slett ikkje gå 11.07, men 10.31! No var gode råd dyre - nærare bestemt kr 704. Ja, for det var det billetten til ettermiddagstog-bussen kosta.

Ein lett fortvila telefon til Rosamannen (på laurdagsjobb) måtte til, og ein endå meir fortvila telefon til jentene (hos svigermor), som hadde gleda seg til å hente meg på stasjonen. Når tilstanden roa seg var det berre å legge om planen. Plutseleg hadde eg fleire timar i hovudstaden, og kort sagt: timprisen for ein butikk-runde på Karl Johan er ikkje snau. Men det var fint å ha tid til litt fornying av garderoben, og dessutan eit sjeldant besøk hjå onkelen min. Med baggasje og handleposar troppa eg opp i god tid til bussen kl 16.07 - og kom med på turen!


Mange timar seinare fekk eg gå av i den vesle bygda mi, sjølv om toget eigentleg ikkje ville ha stoppa her. Me var berre 7 passasjerar, og dei 6 andre gjekk av på Voss. Ein svært hyggjeleg sjåfør lot meg vere med litt vidare, og passa på at eg fekk alt med meg ut av bussen.
Vel heime skulle eg vise fram resultatet av shoppinga, og DÅ kom eg på at det framleis låg ein pose med nye kle att på bussen! Det er då ein ser kor kjekt det er å kjenne nokon som kjenner nokon! Iløpet av sundag formiddag hadde Rosamannen framskaffa nummeret til den hyggjelege sjåføren, som praktisk nok akurat hadde lagt i veg frå Bergen, og dessutan fann posen min i god behald. Han kunne endåtil stoppe endå ein gong ved den vesle bygda mi og levere hittegodset!


Eg stod klar på busstoppet ei stund seinare, men bussen fòr rett forbi! Eg la meg på hjul, fekk mannen til å gjenoppta kontakt med sjåføren og be han stoppe.........men han var ikkje komen heilt fram endå. Eg låg på hjul på feil buss! Enden på historia vart at sjåføren sette den no svært omtala posen med nye kle inn i busskuret, og 5 minutt seinare blinka og vinka han til meg, som tuta og vinka tilbake, som takk for hjelpa.

Det seiest ofte at "det ordnar seg for snille jenter", og no trur eg at eg har havna litt i gjeld på den måten.......

Om du framleis heng med - god veke, den fyrste i april!!

6 kommentarer:

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Godt det ordna seg, både med buss og kle!!

Siden svigerfar bur på Tjøme, så har eg vore nokre ganger ved Verdens ende, og sjølv på flotte sommardager har det vore bra med vind der. Men fantastisk fint er det, ja.

Flotte bilder! Veit eg kan klikke på dei, men skulle ønske dei var litt større: )

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Det øverste bildet er bare helt rått. Skummelt !!!!

Flaks og uflaks, det er visst bra å ha begge deler :)))))))))

Rønnaug S. sa...

Det meste ordner seg som regel, ja. Hva skulle vi gjort uten sånne opplevelser? Da måtte vi kanskje brukt fantasien, som minsten vår sier...

Rønnaug S. sa...

Det meste ordner seg som regel, ja. Hva skulle vi gjort uten sånne opplevelser? Da måtte vi kanskje brukt fantasien, som minsten vår sier...

Lene sa...

Takk for at du deler de flotte bildene fra "palmekysten", gleder meg til tur i pinsa, har hatt litt hjemlengsel i det siste.. ;)

Trollkåno sa...

Stilig bilde med flygande Rosa.....ser flott ut på Verdens ende òg!

Related Posts with Thumbnails