laurdag 16. april 2011

Ein liten prins

Lat meg berre gjere det klart med det samme - det er IKKJE min prins, det er snakk om! Likevel var det veldig stas, då ei av mine beste veninner fekk sin fyrstefødde måndag ettermiddag. Barselgåva var ferdig for vel ein månad sidan: eit heimestrikka Nøstebarn-teppe i naturkvit. Eit slikt hadde eg sjølv til Vetlesyster då ho var baby, og det var gull verd! 
Eit kort måtte det sjølvsagt òg verte, og då tekstmeldinga kom om at prinsen var komen til verda, visste eg straks at kvelden skulle tibringast på scrapperommet. Ein ny bretteteknikk fann eg på nett, og den vetle guten med båten vart stempla, og fargelagd med ProMarkers. Dei grøne bitane med tekst er skriven ut frå PC, og diktet er fyrste vers av Andre Bjerke sitt vakre "To luker i himmelen"

Det største mysterium
er ikke mer enn det
at en ørliten kropp
er våknet til jorden.
Den nyfødte ser.
To luker i himlen går opp.






Til slutt eit bilete (med tillatelse frå foreldra, sjølvsagt) av hovudpersonen sjølv i ein liten kvilepause. Tenk, det var under eit døgn sidan han kom til denne kalde, ljose, bråkete verda..  Det er noko så fredfullt over desse små!


Velkomen til verda, vetle vakre!

6 kommentarer:

♥ Gamleheksa ♥ sa...

For en herlig prins og så flott kort.

Min mor som fyllte år i går, ble helt i ekstase da naboen fikk ei lita Anna akkurat på hennes store dag i går. Gleder meg til å hilse på Anna, men hun er født i Oslo, så vi får vente litt.

God Palmesøndag!

Annika sa...

Nydleg med desse små, fredfulle :)

Rønnaug S. sa...

Så fin han er!!! Ikke rart med ei sånn mor ;) Og kortet og teppet er bare midt i blinken.

God påske. NYYYYYYYT den :)

Liv Elin sa...

heihei - lenge siden sist !:) Koselig du stakk innnom bloggen min da- takk for hyggelig kommentar !
Så flott kort og teppe du har laget til den lille prinsen !

Ønsker deg er riktig God Påske !
Liv Elin :)

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Nydelig kort! Du har fått dreisen på fargelegginga!!

De er herlige når de sover - ingen er så fredelig som små sovende barn!

Riktig god påske. Eg gler meg til Vestlandspåske på torsdag!! KLEM!

rod i hob sa...

Nydelig kort -og en fin liten prins :-)

Lager du fleire sånne kort montru? Skulle gjerne bestillt eitt i såfall.... kansje :-)

Related Posts with Thumbnails