måndag 18. april 2011

Ein aldri så liten påske-kræsj

Fredag til laurdag var vetlesyster for fyrste gong på overnattingsbesøk hjå besteveninna si. Ho storkoste seg, og dei fann på så mykje kjekt, mellom anna blåste og måla dei påskeegg, som dei hengde på kvistar med pusekattar på. Jenta kom heim og var så kry over det fine produktet, og mor klappa henrykt i nevane.


Men, i Rosaheimen har me denne vinteren fått ein rampunge nr 3. Ei lita frøken (har det vist seg), med svart pels og lang hale, som nyttar eit kvart høve til leik og morro. Denne natta var ikkje noko unntak! Då me stod opp sundag morgon låg nemleg heile den fine påskekvisten på golvet!


Eitt einaste egg var heilt, resten var massakrert til det ugjenkjennelege! Eg kan lova at vetle pusemor ikkje var særleg populær den dagen,.... og etter eit par forsøk til lever ho framleis litt farleg. Samtidig må ein jo nesten smile litt òg, for eg kan jo skjøne at det er freistande for ein leiken katt å "kjenne litt" på egg og fjør som heng der og dinglar, sjølv om det er oppå ein disk der ho slett ikkje skal ferdast!


Dersom tid, krefter og inspirasjon sler til på same tid kan det hende me målar nokre nye egg. Men i boksen med påskepynt som endå ikkje var heilt opp-pakka kom det fram fleire egg frå tidlegare år, som no prydar påskekvisten, og iallefall til dels har fått henge i fred.


Til slutt, eit bilete av nokre vakre kvite blomar eg kjøpte før helga. Eg syns dei liknar på snøklokker, men veit ikkje om det er rett. Her er dei akurat tekne inn frå trappa, framleis regnvåte. Idag vart det trass halvdårlege meldingar ein nydeleg dag, så det lovar verkeleg godt for ei nydeleg påskeveke.

Håpar du nyt "den stille veka" der du er!

4 kommentarer:

Trollkåno sa...

Nei, nei.....detta var synd.....dei fine egga.........rampekatt!

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Stakkars veslesøster! Tipper ho var lei seg. Skønner godt at katten ikkje var videre populær den dagen.

Ligner på snøklokker ja. Tipper det er ein slik foredla utgave?!

Ha riktig god påske!! KLEM!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Ja, små katter har nog svårt att stå emot sådana ting som egg och fjädrar... :-)
Här har det inte kommit fram något påskepynt alls, satsar på att få tid till det imorgon . Har inte speciellt mye, så det ska nog inte ta lång tid.

Schablonen till papirfåglarna har jag tegnet av från en bok, men det går nog minst lika bra att lage en helt själv.

Glad Påsk!

Bra+Fint sa...

Stakkar lita.. Men håper dere får en super påske, og videresender deg en award som jeg fikk tilsendt.
Du ser den her! http://brafint.blogspot.com/

Related Posts with Thumbnails