tysdag 12. april 2011

Den uheldige mannen

Dette er en vise om en stakkars mann
som var så uheldig som det kan gå an.


Og syns du denne visa kanskje er litt trist
så kan du trøste deg med det at alt går bra til sist.





I dette innlegget er den uheldige mannen min eigen. Laurdag var det lova fint vèr, og mannen kledde seg i verneutstyr og fann fram motorsaga. Her skulle det sikrast ved til neste vinter! Ifjor då han skulle sage ved gjekk det ikkje så bra. Etter tre fellte stammar tok han litt for hardt i, og sleit på seg ein skiveprolaps i ryggen. Men NO var han klar.

Den fyrste bjørka fall - eg sat i stovevindauga og såg på, litt uroleg for kva retning den ville ta på veg ned. Eg var letta då treet la seg langs med vegen, og ikkje midt uti den. Så såg eg min kjære klatre over..........og snuble i kvistane så han slo kolbøtte bortover. Motorsaga kasta han vekk på refleks, før han tok seg for. Og då gjekk det som det måtte gå; Venstre skulder hoppa nok ein gong ut av ledd. Den åttande gongen, for å vere nøyaktig. Etter eit par mislukka forsøk på å dra skuldra på plass sjølve var det berre å ringe legevakta, skaffe ein sjåfør, og sende han oppover. Småjentene våre reagerte kvar på sitt vis: den store er så fyllt med empati at det av og til gjer vondt, og vart frykteleg lei seg på pappa sine vegne. Den minste - ho sprang og henta fatlen som framleis låg i gangen etter sist gong ei skulder var "på tur". Praktisk anlagt :)


Mannen, han har vore ein tanke rastlaus ettersom det vårast i hagen, og den splitter nye sykkelen står der og blenkjer. Men han er ved godt mot, ogom nokre dagar er han nok i farta igjen. Å ha skuldra ute av ledd byrjar å verte ein slags merksnodig vane, det òg....
 

6 kommentarer:

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Hmmm, lurer på om vinterved bør skaffet annet steds ifra. Sånne skader hvert år er da ikke bra.

Hvis jeg ikke husker feil så fyller Rosamannen år i disse dager også. Hils :)

Annika sa...

Auauau! God bedring til mannen! Og god veke til dokke alle :)

igi sa...

Uff, høres ikke godt ut!
God bedring til rosamannen.
Klem

rod i hob sa...

Stakkars Rosa-mannen. Eg hadde gitt han forbud å jobba med motorsag igjen... -Eller-

Kaffi på torsdag :-P ?? Ska nemlig te Bergen :-)

mali-mo sa...

;) Stakkars!

Her i huset er det jeg som svinger motorsagen ;) Finfin trim ;)

God bedring til han!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Hmm...kanske är det du som bör ta dig an det där med att fälla träd i framtiden? ;-)
Får håpe skulderen hans är bättre snart.

Ha det gott!

Related Posts with Thumbnails