søndag 27. mars 2011

Sunday, sunday people

Sundagar kan fort verte litt rastlause i Rosaheimen dersom me ikkje har nokon plan, eller noko å finne på. Å gå 4 stykker innnfor husets fire veggar ein heil dag fungerer dårleg. Det høyrest kanskje fælt ut? Men stortsett går det jo bra. Idag har me hatt ein nydeleg, roleg frukost med egg og nysteikte rundstykker. Det er en stor favoritt hjå oss alle, og dei siste helgene er det faktisk vetlesyster som har etterspurt rundstykkene.


Seinare idag skal me til foreldra mine på middag, og det er alltid koslegt! Og ikveld, når natta senkar seg over bygda, då set - nei, legg - eg meg på NSB Sove, på veg mot aust. Den siste av tre studieveker står for tur, og den skal tilbringast på Tjøme i Vestfold. Eg har høyrt mykje fint om det området, og gler meg til å oppleve det. Eg berre håpar det er meir vår der enn her!!


Semesteroppgåva vart levert sist sundag, men presentasjonen eg skal halde for resten av gruppa er ikkje heilt klar endå. Det er heller ikkje kofferten, men dagen er jo endå svært ung, sjølv om klokka har gjort eit hopp i natt.

Satsar på eit vårlegt innlegg frå Verdens Ende uti veka (ja, det heiter faktisk det!), og håpar du har ein fin sundag!

4 kommentarer:

♥ Gamleheksa ♥ sa...

God tur til Verdens Ende! Det er flott der, men jeg har aldri vært der på denne årstida ;)

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Hei!

Først: Godt det gjekk bra med hus og heim og alle de i flaum og regn. Me flaug til Sogndal på onsdag og var skjortevåt på den vetle turen frå flyet og inn i annkomsthallen. Makan til ver!!

Så: Lykke til på studietur, kos deg masse på Tjøme. Verdens ende er alltid flott, men kan vera litt surt der på denne tida.

Måtte flire når du skreiv i helsing hos meg: Utflytta vestlending som av og til legg om til nysnorsk. Eg knotar visst fæøt når eg skriv. Etter snart 10 år med bokmål, så er det ikkje lett å skriva reint!

KLEM!

rod i hob sa...

Hei!
Eg e inne å lese hos deg, men de e ikkje alltid eg e lika flinke å kommentera!

Blei heilt sjokka når eg leste forrige innlegg.. Som om dåkke ikkje hadde hatt nok liksom.. Håpa at de går bra, å at ting ordne seg uten at dåkke må laga ny kjeller -for de blir på enn måte litt stress ;-)

Kos deg på verdens ende.. Krysse fingrane for at du får litt vår-følelse!

Anita Kristin sa...

Hei.
Ser at du har hatt litt vel mykje action i det siste. Håpe det er nok no.
Gratulere med vel ferdig oppgåve. Godt å vere ferdig med slikt.
Riktig god helg!

Related Posts with Thumbnails