torsdag 24. mars 2011

Skal det vere eit gjørmebad - i kjellaren min?

Jaudå, den friske starten til tross (i forrige innlegg), så vart det nokre dagar til neste. Det kjem mellom anna av det eg antydar i dagens overskrift; me har fått oss eit aldri så lite badebasseng i kjellaren. Begge kjellarane, faktisk.

Tysdag morgon kl 05 vakna eg av at det ringte og banka på ytterdøra vår. Det er ikkje akurat eit normalt tidspunkt for besøk, så eg gav Rosamannen eit spark ut av senga (sidan eg låg med ei jente på kvar arm), og han var rask som aldri før ned trappa. Der stod far min, og utanfor huset vårt var det eit einaste kaos av vatn, is, drivved og stein. Elva ved sida av huset vårt hadde funne seg ein ny veg etter at bruløpet gjekk tett med digre isblokker.Det regna avsindig, og temperaturen hadde tatt eit bratt oppsving! Heldigvis for vår del fylgde elva ein tverrveg eit godt stykke bortover før den møtte ein ny veg og kom ned attmed huset vårt istadenfor rett på oss. Likevel var både pappa og me sjølve urolege (når me endeleg skjønte kva som stod på!), og før klokka var 6 hadde me kome på frokostbesøk til bror min som bur eit stykke ifrå oss. Jentene måtte berast ut i bilen hans (vår eigen stod bortanfor "elva" som gjekk rett over vegen, og dit kunne me ikkje gå), og vatnet gjekk nesten til knes på meg og mannen. I kjellaren var det minst 60 cm vatn.


Etter nokre timar med hardt arbeid hadde naboen fått bukt med det meste av isproppen i bruløpet, og elva begynte litt etter litt å finne vegen "heimatt". Vegen opp til foreldra mine sin gard var berre store grøfter, og på verkstaden til far min var det meste vått. Hjå oss var det vaskemaskin, barnevogn og diverse elektriske dippeduttar det hadde gått hardast ut over, men ein telefon til forsikringsselskapet sette maskineriet i sving, og etter eit par nye timar var saneringsfirmaet på plass. Det var òg lokalavisa, og dessutan NRK Hordaland med kamera og reporter, som førte til at Rosamannen vart den reinaste rikskjendis. Det var liksom ikkje måte på merksemd for ein våt kjellar, når ein tenkjer på alle dei andre som vart utsette for naturkreftene både denne dagen og andre dagar den siste tida!

Ein ser kor mykje krefter som har vore i sving, når vatnet mellom anna har hatt med seg desse glasfiberbaljane fleire hundre meter nedover vegen, til landingsstaden rett framom huset vårt. Digre isklumpar og store steinar var òg på farten...


Her ute er det skikkeleg kaos, med jord, stein, kvist, is, og alt anna vatnet tok med seg på veg nedover sitt nye løp. No startar opprydningsarbeidet, både ute og inne. Den eine kjellaren fekk me pumpa tom for vatn, medan det i den andre stadig vert fyllt på. Felles for dei begge er eit herleg lag av gjørme og sand. Men trass alt er det her hjå oss berre ting som er øydelagde. Huset står godt, og sjølv om me rømte frå det nokre timar opplevde me det ikkje som dramatisk. Heilt til det bakna på døra den morgonen sov me godt, og ante ingenting. Eg veit at foreldra mine hadde mykje større bekymringar for oss, heilt frå dei vart vekt av naboen midt på natta. Me er takknemlege for omtanken! Rørande omtanke haròg mange av våre kjære sambygdingar vist, når dei har sendt meldingar og ringt, med tilbod om hjelp og husrom. Det er fantastisk å sjå at det finst eit slik sikkerheitsnett i den vesle bygda vår når uhellet er ute!


No håpar me Moder Jord er fornøyd; ifjor sørga ho for vask av 1. og 2. etg i huset vårt - innvendig og utvendig. I år var det kjellaren ho tok seg av. Den vart vaska med Blenda hvit, men det ser ikkje ut som det hjalp nevneverdig. No har me ikkje meir hus å vaska (ikkje på den måten, iallefall), så no syns me ho kan halde fred ei stund!

Håpar de der ute er trygge og turre i vårløysinga!

3 kommentarer:

igi sa...

Oj! Dere er virkelig uheldige. Vannlekasje i fjord og vann i kjelleren nå. Godt det tross alt har godt bra.
Klem

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Jeg gjentar med selv til det kjdsommelige, men dette var leit. Bra dere har så godt pågangsmot og ikke minst gode hjelpere. Men nå får det være nok vann.

Janne sa...

Huff da så kjedelig, vi har og vært plaga me vann i kjelleren opp til flere ganger i vinter men langt ifra de mengdan dåkker har fått. Men uansett godt du er tilbake i blogg verdenen, savner innleggene dine når du pauser til fordel for andre ting :) Men nu ser vi fram til vår og bedre vær, får tru det værste været har gitt seg for ei stund ;)En kan jo håpe.

Related Posts with Thumbnails